Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Forteljingar om det norskeChevronRight
  5. Om Grunnlova – og dei som laga henneChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Om Grunnlova – og dei som laga henne

Are Kalvø er ein kjend norsk komikar og satirikar. I dette kåseriet tek han føre seg Grunnlova frå 1814.

Are Kalvø med kongekrone framfor Slottet. Foto.
Are Kalvø ønskjer å pusse opp Grunnlova.

Kalvø er mellom anna kjend som stand up-komikar, morgonkåsør og programleiar i Hallo i uken. Han har skrive ei hel rekkje bøker, artiklar og teatermanus. Han har også vore med på mange cd-ar og lydbøker.

Høyr på Are Kalvø sitt morgonkåseri frå 7.7.09:

Morgonkåseri

0:00
Morgonkåseri

Oppgåver

  1. Kva for tre feil gjorde dei som laga Grunnlova, ifølgje Kalvø?
  2. Kva for nokre av dessa "feila" trur du han meiner alvorleg, og kva er humoristisk meint? Grunngi svaret ditt.
  3. Kvifor trur du han seier at mange av grunnlovsmennene var rasistar?
  4. Han seier at grunnlovsmennene gjorde nokre "leie tidstypiske feil". Nemn nokre døme på dette.
  5. Kvifor var desse feila tidstypiske, trur du?
  6. Kva seier Are Kalvø om paragraf 2 i Grunnlova av 1814?
  7. Korleis testar Kalvø om vi har religionsfridom i Noreg? Trur du dette er alvorleg meint, eller er han satirisk her?
  8. Meiner Are Kalvø at vi har fri religionsutøving i Noreg i dag? Grunngi svaret ditt.

Læringsressursar

Forteljingar om det norske

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale