Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Forteljingar om det norskeChevronRight
  5. Camilla Collett og Amtmandens DøttreChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Camilla Collett og Amtmandens Døttre

Amtmandens Døttre, som kom ut i 1855, vert kalla den første norske tendensromanen. Ein tendensroman er ein samfunnskritisk roman som tek opp problem og det som er skeivt i samfunnet.

Dramatisering av Camilla Collets roman Amtmandens Døtre.
Dramatisering av Camilla Colletts roman Amtmannens døtre.

Den første norske tendensromanen

Amtmandens Døttre vart gitt ut anonymt då boka kom ut i 1855. Både innhaldet i romanen, og det at ei kvinne skreiv noko slikt, ville elles vore for provoserande. Men ganske raskt vart det kjent at det var Camilla Collett som hadde forfatta boka.

I romanen er Collett sterkt kritisk til den oppsedinga kvinner, og då særleg kvinnene i borgarskapet, fekk i hennar samtid. Det er først og fremst mangelen på fridom blant kvinner som er tema i romanen. Kvinner rådde lite over eige liv. Fornuftsekteskap var vanleg, og kvinnene sine oppgåver handla stort sett om dei nære og familiære tinga. Kvinner levde eit liv styrt av normer og konvensjonar som var fastsette av menn.

I dette forordet til den tredje utgåva av boka svarer Collett på noko av den kritikken som vart retta mot boka. Ho utdjupar også nokre av perspektiva sine på posisjonen kvinna hadde i samfunnet.

Utdrag fra forordet til 3. utgave av Amtmandens Døtre

(...) Titelen Amtmandens Døtre faar denne Fortælling nu engang beholde; men den kunde maaske mere betegnende omsættes til Et Lands Døtre. Den giver, betydelig formildet, en Skildring af de Livstilskikkelser, der ventede Døtre i de mere dannede Klasser, særlig under vore isolerede Landboforhold. Noget mildnende i disse Vilkaar vil Tiden, især ved sine lettere Kommunikationsmidler, naturligvis have medført. I mit lange Liv, tilbragt under disse Forhold, havde jeg ikke oplevet andet end Tragedier rundt om i Familierne, ei heller, saa langt som Sagnet strakte sig tilbage, hørt berette om andet. Nogle af disse Sagn var af den Beskaffenhed, at de kunde forsvaret en Plads i Sophokles eller Shakespeare. (...)

(...) Egteskabet, Familielivet har man fastslaaet som Kvindens Bestemmelse; hendes "sande, skjønne Livsopgave", hendes "hellige, ophøiede Kaldelse", pleier Presterne at benævne det. "Derfor er det mindre ved Aandens Gaver end ved Hjertets, ved Følelsen, at hun faar sin Betydning og udfylder sin Plads i Samfundet," etc. etc.

Smuktklingende Ord! Man glemmer kun, at hun selv staar
vanmægtig bunden ligeoverfor denne ophøiede Kaldelse. En
overveiende Del Kvinder tilstedes jo slet ikke at opfylde sin Bestemmelse, og sker det, falder Loddet neppe én Gang blandt hundrede saaledes ud, at denne skjønne Livsopgave virkelig bliver skjøn, medens alt udenfra ved alle Tilskyndelsesmidler vil drive hende til at opfylde Bestemmelsen netop saaledes, og ikke anderledes. (...)

Oppgåver

Kven var Camilla Collett?

Søk etter informasjon om Camilla Collett.

  • Kven var ho?
  • Kva slags familie vaks ho opp i?
  • Fekk ho utdanning?
  • Jobba ho?
  • Kva skreiv ho?

Tett på teksten

  • Kva trur du forfattaren meiner med at romanen kunne fått tittelen Et Lands Døtre?
  • Kva trur du ho meiner med at historiene ho har høyrt, som ho kallar "Tragedier rundt om i Familierne", "var af den Beskaffenhed, at de kunde forsvaret en Plads i Sophokles eller Shakespeare"? Kva seier dette om korleis ho såg på familielivet? Om du synest det er vanskeleg å svare, kan du finne ut meir om Sofokles og Shakespeare på Wikipedia. Kva er dei kjende for? Kvifor nemner ho dei i teksten sin?
  • Kva meiner ho har vorte fastslått som ”kvinnens bestemmelse og livsoppgave”?
  • Kva er det som bind kvinna og gjer henne "vanmæktig" (avmektig)?

Diskusjonsoppgåve

  • Kan ein forstå arbeidet til Camilla Collett som ein del av "det norske prosjektet"? I så fall korleis?
  • Kva for eigenskapar ved Noreg og det norske er det ho tek opp til debatt i Amtmandens Døttre?

Læringsressursar

Forteljingar om det norske

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Hvorfor havet er salt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kvernen som står og maler på havsens bunn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen - folkeeventyr

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Prinsessa som ingen kunne målbinde

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Faderen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Fædrenes arv

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Norge i fløtesaus

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff