Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Forteljingar om det norskeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Dei første nasjonsbyggjarane

Tankar om nasjonalstaten voks fram i heile Europa på slutten av 1700-talet. Det skjedde også i Noreg. Kva var det som sette i gang ønsket om ein eigen norsk nasjon? Kva for tankar prega dei første nasjonsbyggjarane?

En Aften i Norske Selskab. Maleri.
"En Aften i Norske Selskab", måla av Eilif Peterssen i 1892.

Norske Selskab og fedrelandspatriotisme

I 1772 vart Norske Selskab oppretta i København. Dette var ei norskpatriotisk litterær foreining av nokre norske studentar som budde og studerte i København. Blant dei mest kjende medlemmene var Johan Nordahl Brun, Johan Herman Wessel og Niels Treschow.

Det som samla denne gruppa unge menn på madam Juels Kaffehus i København, var heimlengsel, vin, kvinner og dikting – i kombinasjon med fedrelandspatriotisme. Dei debatterte og dikta om norsk fridom. Norske Selskab var på mange måtar den første samlande norske fridomsrørsla. Foreininga eksisterer den dag i dag, men med eit anna mandat enn i 1772. Noreg har fått den fridomen Norske Selskab drøymde og dikta om.

Diktet Norges Skaal frå 1771 er eit uttrykk for at kampen for norsk sjølvstende er i gang:

For Norge, Kjæmpers Fødeland,


Vi denne Skaal vil tømme,


Og når vi først få blod på Tand,


Vi sødt om Frihed drømme;


Dog vågne vi vel op engang


Og bryde lænker, Bånd og Tvang;


For Norge, Kjæmpers Fødeland,


Vi denne Skaal udtømme!

Norges Skaal

0:00
Norges Skaal

Idéhistoriske strøymingar

Tankar om nasjonalstaten voks fram i heile Europa på slutten av 1700-talet. Folk diskuterte og vart medvitne om nasjonalstaten som ei geografisk, militær, kulturell og/eller politisk eining. Det var særleg to idéhistoriske retningar som gav næring til tankane om nasjonalstaten: den franske opplysingstradisjonen og den tyske romantikken.

Politisk nasjonalisme

For dei franske opplysingsfilosofane var det viktig å bryte med eineveldet. Dei var kritiske til at ein allmektig herskar skulle styre eit land og eit folk. Tankegodset frå den franske revolusjonen, med ideal som fridom, likskap og brorskap, stod sentralt. Staten bør bestå av likestilte individ innanfor eit geografisk område. Desse individa skal ha dei same rettane, moglegheitene og pliktene. Dei som har makta i ein stat, skal få denne delegert frå folket, og ikkje fordi dei er venner av kongen eller fyrsten. Denne forma for nasjonalisme vert gjerne kalla politisk nasjonalisme eller territoriell nasjonalisme.

Viktig for den norske grunnlova

Frihet, likhet, brorskap. Postkort.
Norsk postkort frå 1914 med teksten "frihed, lighed, broderskab".

Den franske nasjonsmodellen er derfor på mange måtar ein modell der staten vert sett på som ei juridisk eining. Det er ein modell som seier noko om kven som skal ha makt i landet, og korleis ein nasjon bør styrast. Dette er ein politisk modell for tenking om nasjonar. Den politiske nasjonalismen var sentral for dei som laga den norske grunnlova i 1814.

Eit døme på dette er det såkalla maktfordelingsprinsippet som Grunnlova baserer seg på; at makta er delt mellom ei lovgivande, ei utøvande og ei dømmande makt. Dette er eit ideal vi har frå den franske opplysingsfilosofen Montesquieu. Han er kjend for mellom anna å ha sagt: "All makt korrumperer, absolutt makt korrumperer absolutt."

Etnisk nasjonalisme

Dei tyske romantikarane hadde i større grad fokus på kulturen som basis for nasjonen. Nasjonar skal dannast på bakgrunn av kulturelle likskapar. Det vil seie at dei som lever i ein nasjon, bør utgjere ein kulturell fellesskap. Dei bør ha felles språk, religion, historie og kulturarv – ja, det som nokre har omtala som ei felles folkeånd. Dette kan kallast kulturnasjonalisme eller etnisk nasjonalisme.

Nasjonsbygginga tek til

Dei tyske romantiske perspektiva har prega mykje av tenkinga om kva det vil seie å vere norsk. Tanken om at ein nasjon skal etablerast på bakgrunn av at dei som lever i han, har ein felles kultur, eit felles språk og ei felles historie, vart drivkrafta for det nasjonsbyggingsprosjektet som starta på byrjinga av 1800-talet. For no voks det fram ulike tankar om norsk fridom og sjølvstende. Noreg bør vere – ja, er – ein eigen nasjon – uavhengig av Danmark. Den første nasjonsbygginga var i gang.

Læringsressursar

Forteljingar om det norske

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Hvorfor havet er salt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kvernen som står og maler på havsens bunn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen - folkeeventyr

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Prinsessa som ingen kunne målbinde

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Faderen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Fædrenes arv

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff