Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Forteljingar om det norskeChevronRight
  5. Tre talar om det typisk norskeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Tre talar om det typisk norske

Kva tyder det eigentleg å vere norsk i dag? Er det typisk norsk å vere god, eller er det typisk norsk å vere sjølvgod? Eller er det typisk norsk å tolerere at vi er forskjellige?

Gro Harlem Brundtland

Oppgåve 1

Gro Harlem Brundtland lanserte slagordet "Det er typisk norsk å være god" i nyttårstalen sin i 1992. Talen, og særleg det nye slagordet, vart kraftig kritisert. Nokre kritikarar meinte at ho her viste seg som ein typisk sjølvgod nordmann. Nordmenn liker å sjå på seg sjølve som best i verda. Andre kritiserte henne for at dette er eit uttrykk for ein tanke om at det middelmåtige er godt nok. Her er alle like. Ingen er betre enn andre – ingen er best. God er godt nok i Noreg.

Sjå nyttårstalen til Gro Harlem Brundtland frå 1992. Jobb saman to og to. Diskuter følgjande spørsmål:

  1. Kva meiner ho med at det er "typisk norsk å vere god"?
  2. Kva trekk ho fram som døme for å underbyggje denne påstanden?
  3. Diskuter om dette er ein god tale og eit godt slagord for Noreg og det norske.

Oppgåve 2

Høyr på Are Kalvø sin reklametekst for Redd Barna, "Konsekvensane". Jobb deretter med desse oppgåvene:

  1. Kva for konsekvensar er det Are Kalvø seier han er redd for om han støttar Redd Barna? Skriv ned nokre døme. Meiner han dette alvorleg, eller trur du han er ironisk? Grunngi svaret ditt.
  2. Kva for eigenskapar ved nordmannen er det Are Kalvø her eigentleg skildrar, trur du?
  3. Kva trur du han ønskjer å oppnå med denne teksten? Ta utgangspunkt i at dette er ein reklame for Redd Barna.
  4. Til slutt: Er nordmenn gode eller sjølvgode? Grunngi svara dine, gjerne med argument frå tekstane du har sett her.

Oppgåve 3

I samband med kongeparet sin hagefest i Slottsparken 1. september 2016 heldt kong Harald ein tale om det å vere norsk i dag. Den vart møtt med forundring og beundring, både her i landet og i utlandet. Sjå talen i videoklippet over eller les teksten her: H.M. Kongens tale i Slottsparken 1. september 2016

  1. Korleis beskriv Kongen kva det vil seie å vere norsk i dag?
  2. Kva verdiar er det han håpar nordmenn har felles?
  3. Kva retoriske grep bruker kong Harald i denne talen?
  4. Kvifor trur du denne talen vakte forundring i utlandet?

Læringsressursar

Forteljingar om det norske

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Hvorfor havet er salt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kvernen som står og maler på havsens bunn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen - folkeeventyr

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Prinsessa som ingen kunne målbinde

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Faderen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Fædrenes arv

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Norge i fløtesaus

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff