Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Forteljingar om det norskeChevronRight
  5. Kva pregar synet på "det norske" i dag?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva pregar synet på "det norske" i dag?

Kva vil det seie å vere norsk i dag? Kva pregar debatten om det norske i vår tid? Og er det typisk norsk å vere god? Dette er spørsmål som opptek oss den dag i dag – og forfattarane har ulike svar på desse spørsmåla.

Utedo, troll, norske flagg, fjell og sol. Foto.
"Slik stiger Norge opp av vann som Pizza Grandiosa-land."

Typisk norsk

Kva er typisk norsk? Kva skal til for at du kan kalle deg nordmann? Kva for verdiar skal det norske samfunnet byggje på? Dette er spørsmål som absolutt ikkje gjekk ut på dato på 1800-talet. I nyttårstalen i 1992 innførte Gro Harlem Bruntland slagordet "det er typisk norsk å være god" .

I videoklippet nedanfor reflekterer sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen over kva ein kan kalle typisk norsk i dag:

Debatten om norsk kultur og kva som kjenneteiknar han, har gått føre seg i mange år. Men han skaut ekstra fart etter at FrP-politikaren Christian Tybring-Gjedde i desember 2012 bad den nyutnemde kulturministeren Hadia Tajik definere omgrepet "norsk kultur". Kulturministeren svarte at det er mangfaldet av kulturuttrykk som utgjer norsk kultur i dag, og at den norske kulturen alltid har vore i endring som eit resultat av påverknad utanfrå.

Les spørsmålet til Tybring-Gjedde og svaret til Hadia Tajik om kva som er norsk kultur

Det norske i den litterære debatten

Auka globalisering og innvandring har ført til at avstanden mellom land og kulturar i verda verker mindre. Og Noreg og synet på kva det vil seie å vere norsk, har kanskje vorte meir mangfaldig. Hamburgar er vel like sjølvsagt mat for ein nordmann som pinnekjøt? Og Jon Fosse er vel så populær utanfor dei norske grensene. Derfor – finst det noko vi kan samle oss om som er særeige norsk i dag?

Furet værbitt – eller Pizza Grandiosa?

reklame for norsk øl
Nokre vil påstå at det er typisk norsk å vere full. Er du samd?

Så korleis ser vi på "det norske" i dag? Og treng vi at noko er typisk norsk? Kva skal til for å kalle seg nordmann? Dette er spørsmål som opptek oss den dag i dag – og forfattarane har ulike svar på desse spørsmåla.

Då litteraturfestivalen på Lillehammer arrangerte ein, litt uhøgtideleg, konkurranse om å lage ny nasjonalsong, var det forfattaren Gro Dahle som vann. I hennar tekst er "furet værbitt" bytt ut med "bjørketrær og pollen", og "Pizza Grandiosa" vert nemnd like sjølvsagt som "smalahove".

Norge Norge, fotball Norge

vinterNorge, Sommernorge

Sameradio, værmelding

Utedo og havrevelling

Sognemål og nynorsk stil

Tørrfisk, lundefugl og grill

Slik stiger Norge opp av vann

som Pizza Grandiosa-land

(Gro Dahle 2002)

Læringsressursar

Forteljingar om det norske

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Hvorfor havet er salt

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kvernen som står og maler på havsens bunn

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen - folkeeventyr

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Prinsessa som ingen kunne målbinde

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Faderen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Fædrenes arv

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Norge i fløtesaus

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff