Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Forteljingar om det norskeChevronRight
  5. Om 1814, grunnlova og fedrelandssonganeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Om 1814, grunnlova og fedrelandssongane

Grunnlova av 1814 har på mange måtar vorte symbolet på norsk fridom og sjølvstende. I åra etter 1814 blomstra fedrelandspatriotismen, noko som kjem til uttrykk i mange av dei fedrelandssongane som vart skrivne på 1800-talet.

Riksforsamlingen på Eidsvoll 1814. Maleri.
Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814

1814 – eit hendingsrikt år

I løpet av året 1814 hadde Noreg tre styresett, var involvert i to krigar og hadde tre ulike kongar. Då året tok til, var Noreg ein del av det kongelege eineveldet Danmark-Noreg. Seinare kom landet i union med Sverige. Mellom desse to styresetta var det ei kort tid utan leiar og skaffa seg då ei eiga grunnlov.

Kiel-traktaten

Arveprins Christian Frederik. Maleri.
Arveprins Christian Frederik vart vald på Eidsvoll 17. mai 1814 til norsk konge, men abdiserte 10. oktober 1814.

Danmark-Noreg var på parti med taparane i Napoleonskrigen. Som eit resultat av dette vart det vedteke, i Kiel-traktaten, at Danmark skulle gi frå seg Noreg til Sverige. Det var blanda reaksjonar på dette i Noreg. Danske prins Christian Frederik, som då var statthaldar i Noreg, såg høvet til å få til ei norsk mobilisering mot vedtaket.

Eidsvoll 1814

I februar 1814 tok han initiativ til å lage ei norsk grunnlov. I perioden 10. april til 20. mai var 112 representantar samla på Eidsvoll for å lage Grunnlova. 17. mai vart Grunnlova underskriven. Christian Frederik vart vald til norsk konge.

Men svenskane kom

Men Christian Frederik måtte etter kvart gi tapt for svenskekongen. Jean Baptiste Bernadotte, som tok namnet Karl Johan, tok over som norsk konge frå november 1814. Formelt sett var Karl XIII konge i Sverige, men på grunn av den dårlege helsa hans var det tronarvingen Karl Johan som reelt sett hadde makta. Karl Johan godtok hovudtrekka i Grunnlova, som vart vedteken med små endringar.

Fridom, likskap, brorskap

Karl XIV Johan. Måleri.
Karl XIV Johan, opphavleg Jean Baptiste Bernadotte (fødd 26. januar 1763, død 8. mars 1844), var konge av Sverige og Noreg frå 1818 fram til han døydde.

Noreg fekk altså si eiga grunnlov, ei av dei mest demokratiske på den tida. Og sjølv om Noreg no var i union med Sverige, hadde landet stort nasjonal sjølvstende. Unionen var ein såkalla personalunion, det vil seie ein politisk union mellom to statar som i stor grad er uavhengige av kvarandre. Den norske Grunnlova var sterkt inspirert av franske opplysingstankar og dei ideala om fridom, likskap og brorskap som kom til uttrykk i den franske revolusjonen. Noreg var ikkje lenger eit einevelde, men eit demokrati!

For fedrelandet!

Som eit resultat av at landet fekk si eiga grunnlov og større grad av sjølvstyre, blomstra fedrelandspatriotismen for alvor. Og i kjølvatnet av dette vart det skrive mange fedrelandssongar – songar som hyllar Noreg og nordmenn.

Frå "Sønner av Norge" til "Ja, vi elsker"

I 1819 vart "Sønner av Norge" kåra til Noregs nasjonalsong. Denne songen vart brukt som nasjonalsong heilt til "Ja, vi elsker" kom i 1864. 17. mai dette året vart 50-årsjubileet for Grunnlova på Eidsvoll markert. Då vart songen urframført. "Ja, vi elsker" har aldri formelt vorte Noregs nasjonalsong, men han vart fort populær og har i praksis vorte nasjonalsongen vår.

Læringsressursar

Forteljingar om det norske

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Hvorfor havet er salt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kvernen som står og maler på havsens bunn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen - folkeeventyr

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Prinsessa som ingen kunne målbinde

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Faderen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Fædrenes arv

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Norge i fløtesaus

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff