Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Forteljingar om det norskeChevronRight
  5. Historikaren bak nasjonsbyggingaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Historikaren bak nasjonsbygginga

Johan Ernst Welhaven Sars (1835–1917) var ein sentral person i nasjonsbyggingsprosjektet. Han var historikar og Venstre-politikar og gav i perioden 1873–1891 ut firebindsverket Udsigt over den norske historie. Dette er ei samanhengjande historie om Noreg, frå vikingtida til Sars si samtid.

Solveig og Peer

Den demokratiske bondekulturen sigrar

Johan Ernst Welhaven Sars
Johan Ernst Welhaven Sars (1835–1917)

Sars forstår 1814 og tida etter dette som ein siger for ein demokratisk bondekultur. På Wikipedia blir historiesynet til Sars omtalt slik:

Den bakenforliggende "store fortellingen" i Sars' historieverk er følgende: En nasjonal og demokratisk bondekultur hadde i tiden etter 1814 vunnet over en fremmed, importert embetsmannskultur. Motsetningene mellom bondekulturen og embetskulturen ble utjevnet og integrert i et større nasjonalt fellesskap.

Synet Sars hadde på norsk historie var med på å skape det biletet vi i Noreg har i dag av kva nasjonsbyggingsprosjektet gjekk ut på. På mange måtar har dette vore den dominerande historia om "det norske" fram til vår tid. Den norske bonden – med odelsretten sin – det folkelege, og det norske demokratiske sinnelaget, er sentrale ingrediensar i historia om kva som er genuint norsk.

Oppgåver

  1. Kven var Sars? Kva for historiesyn hadde han?
  2. Kva er Udsigt over norsk historie?
  3. Kvifor fekk Sars innverknad på nasjonsbygginga?
  4. Sars meinte at det sentrale med 1814 var at den demokratiske bondekulturen sigra over den udemokratiske embetsmannskulturen. Kva trur du han meinte med det?
  5. Drøft om du meiner nokre av synspunkta til Sars framleis er relevante for det synet nordmenn har på seg sjølve og si eiga historie.

Læringsressursar

Forteljingar om det norske

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale