Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Forteljingar om det norskeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Historia og historiene om Noreg

I 1814 er Noreg ein ung og optimistisk nasjon. Landet vert oppdaga og gjenskapt. Historiefaget veks fram, og den stolte fortida vert gjenoppdaga. Turistforeininga vert etablert. Noreg skulle også opplevast.

Fire menn på sykkeltur i Sogn
Axel Lindahl var ein svensk landskapsfotograf som arbeidde i Noreg på slutten av 1800-talet. Han vitja dei fleste stadene i landet og gjorde stor suksess. Dette biletet er frå Nærøydalen i Sogn.

Noreg vert oppdaga

På mange måtar kan ein seie at Noreg vert oppdaga på 1800-talet. Norsk kultur og norsk historie vert i alle fall gjenoppdaga. I løpet av dette hundreåret utviklar Noreg seg frå å vere ein usjølvstendig nasjon til å verte ein stolt og sjølvmedviten nasjon.

Eit viktig bidrag til dette stod historiefaget for. Faget vart etablert som ein vitskap i byrjinga av1800-talet, og også i Noreg voks faget fram. Fleire norske historieverk vert skrivne i løpet av 1800-talet.

Også som turistnasjon vaknar Noreg no. Noreg vart sett på som eit eksotisk og vakkert reisemål, med fjell og fjordar, kulde og midnattssol. At landet var rikt på ressursar som fisk og vilt, trekte også ein del turistar hit. I denne perioden vert det publisert mange reiseskildringar frå Noreg. Den Norske Turistforeining vert stifta i 1868.

Forteljingar om Noreg

I 1819 skreiv Maurits Hansen novella Luren. På ei reise gjennom Gudbrandsdalen lèt han forteljaren, akademikaren Carl Møllmann frå Christiania, oppdage naturen og folkelivet i "det eigentlege Noreg".

Luren som digital fortelling

På midten av 1800-talet skriv både Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson historiske skodespel, der handlinga går føre seg i vikingtida eller i norsk mellomalder, før dansketida. Både Ibsen og Bjørnson er inspirerte av nasjonalromantikken og skriv tekstar der nasjonsbygging er ein klar motivasjon. Det er også no Asbjørnsen og Moe tek til å samle inn norske folkeeventyr og segner, og skriv dei ned. Den første samlinga vart utgitt i 1845.

Noreg i bilete

Snorres kongesagaer vert gitte ut på nytt på slutten av 1800-talet, no med illustrasjonar av kjende norske målarar som mellom andre Erik Werenskiold og Christian Krohg. Desse vikingillustrasjonane pregar framleis synet vårt på korleis forfedrane våre såg ut. Også folkeeventyra våre kom ut i illustrerte utgåver. Norske Folke- og Huldre-Eventyr i Udvalg kom i 1879 ut med illustrasjonar av mellom andre Hans Gude og Erik Werenskiold. No vart huldrer og troll, Oskeladden og prinsessa visualiserte.

Derfor er det i denne perioden at biletet vi har av Noreg, norsk historie og norsk kulturarv vert skapt og rekonstruert.

Læringsressursar

Forteljingar om det norske

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Hvorfor havet er salt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kvernen som står og maler på havsens bunn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen - folkeeventyr

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Prinsessa som ingen kunne målbinde

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Faderen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Fædrenes arv

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff