Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Forteljingar om det norskeChevronRight
  5. Nordmannen – den edle villmannen?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Nordmannen – den edle villmannen?

Eventyrarar og "edle villmenn" som Leiv Eriksson, Roald Amundsen og Lars Monsen er viktige ikon for det vi gjerne likar å tenkje på som typisk norsk.

Leiv Eriksson oppdager Nord Amerika
Leiv Eriksson oppdager Amerika[/i], måla av Christian Krogh. Christian Krogh sitt måleri av Leiv Eiriksson som kryssar Nord-Atlanteren i open båt, er for mange eit bilete på den norske eventyraren som trassar alle farar for å nå fram til målet.

Europeisk klimateori

Eit perspektiv på kva naturen har å seie for eit folkelag, er den såkalla "klimateorien". Heilt sidan antikken av hadde ulike tenkjarar hevda at folkekarakteren og måten folk opptrer på, i stor grad er prega av naturen og klimaet dei lever i. Naturen verkar inn både på fysikk og psyke – han er med på å forme dei karaktereigenskapane eit folk har. Dette var tankar som inspirerte nasjonsbyggjarane på 1800-talet.

Den edle villmannen

Vi her langt oppe i nord vert sette på som nokre hardhausar. På grunn av barsk natur og mykje kulde lever vi lenger og er fysisk sterkare enn folk lenger sør. Derfor har vi også meir sjølvtillit, hevda klimateoretikarane.

Slik kunne nordmenn framstå som ideal for det Rousseau kalla "den edle villmannen" – det barske og urørte naturmennesket. Naturen varti derfor sentral i tenkinga om kva som er typisk norsk.

Lars Monsen med anorakk og hodelykt. Foto.
Lars Monsen er ein typisk norsk helt, ein edel villmann.

Oppgåve 1

Les eitt eller fleire av desse dikta:

  • Ved Rondane
  • Blant alle lande
  • Nordmannen
  • Jobb med desse spørsmåla:

    1. Kva for landskap vert framstilt i dikta?
    2. Korleis vert naturen framstilt i dikta?
    3. Kva for plussord, eller positivt ladde ord, finn du om naturen her? Fungerer dette nasjonsbyggjande?
    4. Dersom det er menneske med i dikta, korleis er samspelet mellom menneska og naturen? Fungerer skildringane av samspelet mellom menneska og naturen nasjonsbyggjande?

    Desse oppgåvene kan du jobbe med individuelt og skriftleg, du kan lage eit foredrag om eitt eller fleire dikt, eller du kan jobbe med spørsmåla i gruppe.

    Oppgåve 2

    Sjå dei to reklamefilmane:

    1. Kva vil du seie vert presentert som typisk norsk i “Made by Norway”-reklamen?
    2. Korleis vert naturen skildra?
    3. Og korleis vert den typiske nordmannen, og forholdet hans til naturen, skildra?
    4. Kva vil du seie vert presentert som typisk svensk i “Volvo XC70 feat. Zlatan – Made by Sweden”?
    5. Korleis vert naturen skildra her?

    Læringsressursar

    Forteljingar om det norske

    Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
    SubjectEmne

    Læringssti

    SubjectEmne

    Fagstoff

    SubjectEmne

    Oppgaver og aktiviteter

    SubjectEmne

    Kildemateriale

    • SharedResourceDelte ressurser

      Hvorfor havet er salt

      Tilleggsstoff
      AdditionalTilleggstoff
    • SharedResourceDelte ressurser

      Kvernen som står og maler på havsens bunn

      Tilleggsstoff
      AdditionalTilleggstoff
    • SharedResourceDelte ressurser

      Kjerringa mot strømmen - folkeeventyr

      Tilleggsstoff
      AdditionalTilleggstoff
    • SharedResourceDelte ressurser

      Kjerringa mot strømmen

      Tilleggsstoff
      AdditionalTilleggstoff
    • SharedResourceDelte ressurser

      Prinsessa som ingen kunne målbinde

      Tilleggsstoff
      AdditionalTilleggstoff
    • SharedResourceDelte ressurser

      Faderen

      Tilleggsstoff
      AdditionalTilleggstoff
    • SharedResourceDelte ressurser

      Fædrenes arv

      Tilleggsstoff
      AdditionalTilleggstoff
    • SharedResourceDelte ressurser

      Norge i fløtesaus

      Tilleggsstoff
      AdditionalTilleggstoff