1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Forteljingar om det norskeChevronRight
  5. Kvifor vart folkediktinga sentral for nasjonsbygginga?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kvifor vart folkediktinga sentral for nasjonsbygginga?

På 1800-talet oppdagar kultureliten den norske folkediktinga. Endeleg er det noko som er rotekte norsk! I arbeidet med å rekonstruere det genuint norske får derfor den levande, munnlege forteljartradisjonen ei sentral rolle.

Folkediktning. Kollasje

Ein rik munnleg teksttradisjon

Med svartedauden døydde den norrøne skriftkulturen ut, og dansk overtok som skriftspråk i Noreg. Skriftkulturen vår var derfor dansk på byrjinga av 1800-tallet.

Men ein munnleg norsk tekstkultur hadde overlevd – nemleg folkediktinga. I heile landet vart det fortalt eventyr og segner og sunge folkeviser.

Norske forteljingar om norske tilhøve

Sjølv om folkediktinga ikkje bart til på 1800-talet, kjem ho likevel til å spele ei sentral rolle for nasjonsbygginga. Når ein no skulle byggje opp ein norsk nasjonalstat, vart norske tankar om norske tilhøve heilt sentrale. Eventyr, segner og folkeviser vart viktige i rekonstrueringa av "det norske".

Norske folkeeventyr av Asbjørnsen og Moe

0:00

Inspirerte av dei tyske brørne Grimm tok prestar og andre med interesse for folkekultur til å skrive ned forteljingar som hadde levd på folkemunne i fleire hundre år. Dei meste kjende samlarane var Andreas Faye, Magnus Brostrup Landstad, Sophus Bugge, Olea Crøger, Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe. Seinare følgde professor Moltke Moe i fotspora til far sin.

Ingebret Moltke Moe (1859–1913) var den første professoren i folkloristikk i Norden. Han var son av diktarpresten og eventyrsamlaren Jørgen Moe. Atten år gammal drog han ut på innsamlingsferd. Året etter fekk han stipend frå universitetet for å samle inn folketradisjonsstoff i Telemark.

Liv Bratterud frå Bø herad fortel eventyr for Moltke Moe, sommaren 1878. Maleri.
Liv Bratterud frå Bø herad fortel eventyr for Moltke Moe, sommaren 1878.

Læringsressursar

Forteljingar om det norske

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Hvorfor havet er salt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kvernen som står og maler på havsens bunn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen - folkeeventyr

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Prinsessa som ingen kunne målbinde

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Faderen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Fædrenes arv

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Norge i fløtesaus

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff