1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Forteljingar om det norskeChevronRight
  5. Kva vil det seie å vere norsk?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva vil det seie å vere norsk?

Kva vil det seie å vere norsk? Finst det noko felles ved alle oss som bur i Noreg? På 1800-talet diskuterte ein slike spørsmål, på jakt etter den såkalla norske folkekarakteren.

Den norske folkekarakteren

Eit tema som vart diskutert på 1800-talet, var den norske folkekarakteren. Både i folkediktinga og i annan litteratur vart eigenskapar ved nordmannen og nordkvinna presenterte, anten i form av idealskikkelsar, som dei du finn i folkeeventyra om Espen Oskeladd og novella "Luren" av Maurits Hansen, eller i satirisk form i litteratur som dramaet Peer Gynt.

Personleg og nasjonal identitet

Peer Gynt spilt av Svein Sturla Hungnes. Foto.
Representerer Peer Gynt den norske folkesjela? Her spelt av Svein Sturla Hungnes.

I Peer Gynt tematiserer Ibsen spørsmålet om identitet på ulike måtar, slik Peer sjølv formulerer det: "Hvor var jeg som meg selv, som den hele, den sanne?" Ein kan sjå spørsmålet hans som eit spørsmål om personleg identitet, det vil seie: "Kven er eg?" Men ein kan også forstå det som eit spørsmål om nasjonal identitet. Kva kjenneteiknar Noreg og nordmannen?

Bondeforteljingar

Ofte er det den norske bonden som vert trekt fram som rotekte norsk. Mange såkalla bondeforteljingar vert skrivne på 1800-talet. Dette er historier om norske bønder og bondesamfunn der bonden stort sett vert framstilt som berar av grunnleggjande nasjonale verdiar, i alle fall etter at han har gjennomgått ei utvikling. Døme på slike forteljingar er "Luren" av Maurits Hansen og "Faderen" og Synnøve Solbakken av Bjørnstjerne Bjørnson.

Læringsressursar

Forteljingar om det norske

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Hvorfor havet er salt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kvernen som står og maler på havsens bunn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen - folkeeventyr

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Prinsessa som ingen kunne målbinde

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Faderen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Fædrenes arv

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Norge i fløtesaus

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff