Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Forteljingar om det norskeChevronRight
  5. Ved RondaneChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Litterære tekstar

Ved Rondane

Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870) er ein kjend forfattar og journalist. Han var den første, i tillegg til Ivar Aasen, som tok landsmålet i bruk. "Ved Rondane", eller "Ved Rundarne" som diktet opphavleg heitte, er frå 1860. Diktet vart tonesett av Edvard Grieg i 1870-åra.

Vinternatt i Rondane. Snødekte fjell mot en stjerneklar himmel. Maleri.
Vinternatt i Rondane (utsnitt), måla av Harald Sohlberg.

No seer eg atter slike Fjøll og Dalar,
som deim eg i min fyrste Ungdom saag,
og sama Vind den heite Panna 'svalar;
og Gullet ligg paa Snjo, som fyrr det laag.
Det er eit Barnemaal, som til meg talar,
og gjer' meg tankefull, men endaa fjaag
Med Ungdomsminni er den Tala blandad:
Det strøymer paa meg, so eg knapt kan anda.

Ja, Livet strøymer paa meg, som det strøymde,
naar under Snjo eg saag det grøne Straa.
Eg drøymer no, som fyrr eg altid drøymde,
naar slike Fjøll eg saag i Lufti blaa.
Eg gløymer Dagsens Strid, som fyrr eg gløymde,
naar eg mot Kveld af Sol eit Glimt fekk sjaa.
Eg finner vel eit Hus, som vil meg hysa,
naar Soli heim mot Notti vil meg lysa.

Alt er som fyrr, men det er meir forklaarat,
so Dagsens Ljos meg synest meire bjart.
Og det, som beit og skar meg, so det saarat,
det gjerer sjølve Skuggen mindre svart;
sjølv det, som til at synda tidt meg daarat,
sjølv det gjer' harde Fjøllet mindre hardt.
Forsonad' koma atter gamle Tankar:
det sama Hjarta er, som eldre bankar.

Og kver ein Stein eg som ein Kjenning finner,
for slik var den, eg flaug ikring som Gut.
Som det var Kjæmpur spyr eg, kven som vinner
af den og denne andre haage Nut.
Alt minner meg; det minner, og det minner,
til Soli ned i Snjoen sloknar ut.
Og inn i siste Svevn meg eigong huggar
dei gamle Minni og dei gamle Skuggar.

Læringsressursar

Forteljingar om det norske

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale