Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Forteljingar om det norskeChevronRight
  5. Demokrati – for alle?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Demokrati – for alle?

Ein del av debatten om det norske handla om Grunnlova og det norske demokratiet. I 1814 var vi nordmenn stolte av fridomen vår, og av den demokratiske grunnlova vår. Men demokratiet var framleis noko som berre omfatta nokre få.

Kollasje: Kjerringa mot strømmen

Demokrati for menn med eigedom

Grunnlova i 1814 la fundamentet for eit av dei mest demokratiske styresetta i verda. Dette prega norsk verdidebatt, og det prega det norske sjølvbiletet. Vi var ein fri og demokratisk nasjon. Men framleis var det berre eit liten del av folket som hadde fulle demokratiske rettar. I 1814 fekk om lag 40 % av alle menn over 25 år røysterett. Menn utan eigedom fekk ikkje røyste. Og ingen kvinner hadde røysterett.

Camilla Collett – kjerringa mot straumen

Tidleg på 1800-talet hadde kvinnene liten innverknad på det offentlege livet. Kvinna sin plass var i heimen, ikkje som deltakar i samfunnslivet eller den offentlege debatten. Kvinneidealet på den tida både dyrka og degraderte kvinna. Kvinna skulle halde på med huslege og vakre ting, ting som utvikla venleiken hennar, både fysisk og sjeleleg. Samfunnsengasjement ville fungere øydeleggjande for kvinner, vart det hevda.

Amtmandens Døttre

0:00
Opplesing frå Amtmandens Døttre

Dette provoserte fleire sterke kvinner, mellom dei Camilla Collett. Ho vart derfor "kjerringa mot straumen" og ein leiarfigur i kampen for at kvinner skulle få dei same rettane som menn hadde. Den norske kampen for fridom, demokrati og sjølvstende skulle ikkje berre handle om menn.

Dette skriv Camilla:

Vi tror ikke mer på at hun rører Prins Frost ved å smigre ham og med klaprende tenner forsikre at hun har det så deilig hos ham. Heretter får vi "Kjerringa mot strømmen", som heller går under enn gir opp sin overbevisning.

Kvinnerøyster

Camilla Collett kjempa ikkje for kvinneleg røysterett. Dette temaet var ikkje moge for diskusjon før mot slutten av 1800-talet. Men ho kjempa for at kvinnerøyster skulle verte høyrde, også i det offentlege livet. Ho vart derfor ein inspirasjon i den seinare kampen for kvinnerettar – også som veljarar og deltakarar i demokratiet.

Stemmerettsjubileet: Camilla Collett

Læringsressursar

Forteljingar om det norske

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Hvorfor havet er salt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kvernen som står og maler på havsens bunn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen - folkeeventyr

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Prinsessa som ingen kunne målbinde

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Faderen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Fædrenes arv

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Norge i fløtesaus

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff