Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Forteljingar om det norskeChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Forteljingar om det norske

Kva vil det seie å vere norsk? Hva pregar «norsk» kultur? Debatten om ein nasjonal identitet er ikkje eit typisk norsk fenomen. Då debatten oppstod i Noreg på slutten av 1700-talet, var han ein del av ei felles europeisk åndsstrøyming.

Nasjonsbygging

Éin nasjon, eitt språk, éin kulturarv

Den tyske filosofen og diktaren Johann Gottfried von Herder (1744–1803) skulle få stor innverknad på europeisk åndsliv på slutten av 1700-talet, og vart viktig for norsk nasjonsbygging på byrjinga av 1800-talet. Herder meinte at ein nasjon var prega av ei felles historie, eit felles språk og ein felles kulturarv.

For Noreg vart debatten særleg sentral, då Noreg i fleire hundre år hadde vore i union med Danmark. Vi mangla både politisk sjølvstende, eit eige skriftspråk og medvit om ein eigen kulturarv. Derfor skulle debatten om det norske prege norsk kulturliv i fleire tiår.

På leit i historia, og på jakt etter ein kulturarv

Jakta på ein nasjonal kulturarv skulle føre nordmennene bakover i historia. Interessen for norsk historie vaks no fram, og historie som fag vart etablert. Og i jakta på ein norsk kulturarv oppdaga ein no for alvor folkediktinga. For sjølv om mange norske folkeeventyr, viser og segner har likskapstrekk med folkedikting i andre kulturar, var fauna, flora og topografi i forteljingane typisk norske. Folkeeventyra, visene og segnene, som hadde levd på folkemunne i hundreår, skulle vere med på å gi oss eit bilete av det særeige norske.

Norrønt, dansk, norsk?

For Herder var eit av kjenneteikna på ein nasjon at ein hadde eit felles språk. I Noreg skreiv vi dansk, sidan det opphavlege norrøne skriftspråket først vart sterkt påverka av svensk og dansk, og så heilt erstatta av dansk i samband med unionen i 1536. Ein debatt om korleis eit norsk skriftspråk skulle utviklast, vart derfor også ein del av jakta på ein nasjonal identitet. Språksituasjonen vi har i dag, er eit resultat av arbeidet som starta med Ivar Aasen og Knud Knudsen på 1830- og 40-talet.

Patriotar og danomanar

To personar som skulle komme til å prege norsk kulturliv og debatten om «det norske» dei første tiåra av 1800-talet, er to forfattarar, som også kom til å prege den romantiske diktinga, Johan Sebastian Welhaven og Henrik Wergeland. For mens Wergeland kjempa for norsk sjølvstende, og ivra for norsk stoltheit og sjølvstende på ekte patriotisk vis, var Welhaven «danoman». Han ivra for eit felles kulturelt band med Danmark. I det danske fann Welhaven ein kultur og ei danning som han sakna hos nordmennene.

Typisk norsk å leite etter det typisk norske?

Debatten om «det norske» er ikkje død. Stadig vekk er dette tema for heftige debattar, både i stortingssalen og i media. Tidvis vert debatten knytt til innvandringsdebatten og vert ein politisk debatt som handlar om å verne norske grenser og interesser. Men debatten blir tidvis også løfta opp til å verte ein debatt om verdiar, haldningar og kultur. For i møte med «det» eller «dei» andre kan det kanskje vere ein idé å reflektere over kva det er ved kulturarven vår som er verd å ta vare på, kva som pregar verdiane og haldningane våre, og kva som blir oppfatta som typisk norsk.

Kanskje vi vil oppdage at det typisk norske handlar om røter bakover i tid, eller kanskje vi vil oppdage at det handlar om å ha eit blikk utover?

Læringsressursar

Forteljingar om det norske

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Hvorfor havet er salt

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kvernen som står og maler på havsens bunn

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen - folkeeventyr

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Prinsessa som ingen kunne målbinde

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Faderen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Fædrenes arv

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Norge i fløtesaus

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff