Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som systemChevronRight
  4. Nordiske språkChevronRight
  5. Frå nabospråk til norskChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Frå nabospråk til norsk

Å omsetje frå eitt nabospråk til eit anna kan også by på utfordringar. I alle språka finn vi nemleg ei mengd idiomatiske uttrykk: faste, kulturbestemte uttrykk som ikkje kan omsetjast ordrett.

Kjell Ivar Vannebom idiomer

Mange av dei idiomatiske uttrykka i eit språk er opphavleg metaforar og tett knytte til kulturen dei har oppstått i. Nærskylde språk har gjerne ein del idiom felles. Uttrykket "å kjøpe katta i sekken" finst for eksempel også i dansk og tysk: "at købe katten i sækken", og "die Katze im Sack kaufen".

Engelskmennene og svenskane derimot kjøper "a pig in a poke" og "grisen i säcken". Dei forstår nok dersom vi snakkar om ei "cat in a bag" eller "katt i säcken", men dei vil straks oppfatte at vi ikkje er morsmålsbrukarar.

I tillegg har sjølvsagt også nabospråk ein del idiom som vi ikkje kan forstå utan å ha lært kva dei tyder. Ein translatør må kjenne til desse uttrykka for å kunne lage ei korrekt omsetjing.

Oppgåve 1

Idiom i det norske språket

I videoklippet nedanfor forklarer Kjell Ivar Vannebo desse tre idioma:

  • eit ramaskrik
  • det går som hakka møkk
  • å gjere nokon ei bjørneteneste

Kva tyder uttrykka, og korleis har dei oppstått? Kor er ei henta frå?

Oppgåve 2

Idiomatiske uttrykk i svensk og dansk

Nedanfor finn du fem svenske og fem danske idiom (faste uttrykk). Omset uttrykka til norsk på ein slik måte at du tek vare på meininga.

Svenske idiom

  1. den dagen, den sorgen
  2. bli blåst på konfekten
  3. få tala till punkt
  4. lägga vantarna på något
  5. regnet står som spön i backen

Danske idiom

  1. holde ørerne stive
  2. trille tommelfingre
  3. klemme balderne sammen
  4. grine røven i laser
  5. det er ingen ko på isen

Oppgåve 3

Set om frå svensk til norsk.

Læringsressursar

Nordiske språk