Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som systemChevronRight
  4. Nordiske språkChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Kva kan du om dansk?

  1. Kor mange språkbrukarar har dansk som morsmål?
  2. Kvar snakkar og/eller lærer dei dansk?
  3. Kvifor er det relativt lett for ein nordmann å lese dansk?
  4. Kvifor er det relativt vanskeleg for nordmenn og svenskar å forstå munnleg dansk?
  5. Er dansk eit ortofont språk? (= Er det godt samsvar mellom bokstavar og språklydar?)
  6. Kva for ein dialekt har blitt til norma for korleis moderne dansk skal uttalast?
  7. Kva med dei andre dialektane i Danmark i dag?
  8. Fornorskar danskane skrivemåten i fremmendord like mykje som nordmennene gjer?
  9. Dansk har såkalla blaute konsonantar.
    • Gi eksempel på ord med blaute konsonantar.
    • Kvar i Noreg finn vi noko liknande? (Danskane uttaler nok desse konsonantane på ein enda "blautare" måte enn nordmennene).
  10. Dansk har monoftongering.
    • Kva er monoftongering?
    • Gi eksempel på monoftongering.
    • Finn vi monoftongering i svensk og norsk?
  11. Kva for ending får danske verb i infinitiv?
  12. Dansk har to grammatiske kjønn.
    • Kva heiter dei to grammatiske kjønna?
    • Og kva for to kjønn er det som har falle saman til eitt?
  13. Dansk har såkalla enkel bestemming: Danskane seier for eksempel den lille pige, ikkje *den lille pigen.
    • På norsk seier vi den lille piken eller den vesle jenta, med artikkel både føre og etter substantivet. Kva kallar vi denne forma?
    • Kva med svensk? Har svensk enkel bestemming?
    • I nokre få tilfelle bruker vi enkel bestemming også i norsk. Kan du nemne to-tre eksempel?
  14. Dansk har stød.
    • Kva er stød?
    • Kva har norsk og svensk i dei orda der dansk har stød?

Læringsressursar

Nordiske språk