Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som systemChevronRight
  4. Nordiske språkChevronRight
  5. Kva veit du om den nordiske språkfamilien?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Kva veit du om den nordiske språkfamilien?

Spørsmål til videoen og fagteksten om den nordiske språkfamilien.

Professor Arne Torp om nordiske språk
  1. Kva for land har vi i tankane vi når vi snakkar om Norden?
  2. Teikn "familietre" som viser språka vi finn i Norden og språkfamiliane dei høyrer til.
  3. Kvar har grønlandsk dei språklege slektningane sine?
  4. Kvar meiner ein dei uralske språka opphavleg kjem frå?
  5. Er dei samiske språka i Noreg innbyrdes forståelege?
  6. Kva vil det seie at nokon bruker eit språk som lingua franca? Slå opp uttrykket om du ikkje kjenner til det frå før, for eksempel i Store norske leksikon.
  7. Kvar i verda finn vi finsk-ugriske språk?
  8. Kvifor vil ikkje språkforskar Arne Torp bruke nemninga "skandinaviske språk" som fellesnemning for norsk, dansk, svensk, islandsk og færøysk?
  9. Det finst nokre britiske øyar der ein tidlegare snakka nordiske språk. Kva heiter desse øyane?
  10. Kva for to hovudgrupper deler vi dei moderne nordiske språka inn i?

Læringsressursar

Nordiske språk