Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som systemChevronRight
  4. Nordiske språkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Norsk møter svensk og dansk

Norsk har mykje til felles med svensk og dansk. Men det finst også markante forskjellar mellom språka.

Nordiske språk – svensk

Svensk

Det svenske språket er rikt på vokalar og har ein melodiøs tonegang. Norsk har mange diftongar, til dømes i ord som bein og stein. På svensk vert desse orda uttalte ben og sten, altså med monoftongar.

Gamalsvensk var eit kasusspråk der substantiv, adjektiv og pronomen vart bøygde i fire kasus, og verb vart bøygde etter person og tal. I moderne svensk vert substantiv bøygde i tal og i bestemt/ubestemt form. Verba vert bøygde i tid, ikkje i person og tal. Medan norsk har tre grammatiske kjønn i substantivbøyinga, har svensk berre to.

Norsk og svensk har mange felles ord. Men av og til har orda ulik tyding. Glas på svensk tyder is, og rolig tyder morosam. I begge språka finst det mange lånord frå tysk.

I Sverige er det utvikla eit rikssvensk, det vil seie eit normdannande talemål som er basert på talemålet rundt Stockholm. I dei seinare åra har det likevel vorte meir akseptert å bruke dialekt også i offisielle samanhengar.

Nordiske språk – dansk

Dansk

Dansk vert skrive nesten som konservativt riksmål, og er derfor lett å lese for ein nordmann. Det danske skriftspråket har endra seg lite frå den tida Noreg og Danmark var eitt rike. På same måte som svensk, har også dansk to grammatiske kjønn i substantivbøyinga.

Men dansk tale kan vere meir utfordrande for ein nordmann. Avstanden mellom skrift og tale er ganske stor i dansk. Språkutviklinga dei siste tiåra har ført til at avstanden til svensk og norsk har vorte større. Typisk for dansk uttale er ei rask samantrekking i stemmebanda etter vokal i visse ord. Det vert kalla stød.

Dansk har teke opp mange lånord frå tysk og engelsk. Danskane er meir opne for å innlemme slike ord i språket sitt enn det vi nordmenn er.

Læringsressursar

Nordiske språk