Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som systemChevronRight
  4. Nordiske språkChevronRight
  5. Den nordiske språkfamilienChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Den nordiske språkfamilien

Dei nordiske språka tilhøyrar forskjellige språkfamiliar. Opphavleg hadde norsk mykje felles med islandsk og færøysk. I dag er det norske språket meir likt dansk og svensk.

Professor i nordiske språk Arne Torp om nordiske språk.

Nordiske språkgreiner

Dei opphavlege språka i Norden tilhøyrer tre svært ulike språkfamiliar. Språkhistorisk sett vert norsk, islandsk og færøysk rekna som vestnordiske språk, og svensk og dansk som austnordiske språk. Skiljet mellom vestnordisk og austnordisk oppstod i synkopetida på 800-talet.

Noko av det som skilte austnordisk frå vestnordisk, var uttalen av det personlege pronomenet ég/eg som på austnordisk vart til jeg/jag. Eit anna døme er diftongar i vestnordisk (bein, stein) som vart monoftongerte i austnordisk (ben, sten).

I dag vil dei fleste likevel seie at norsk står nærare svensk og dansk enn færøysk og islandsk. Derfor er det no vanleg å dele dei nordiske språka inn i øynordisk og skandinavisk. Norsk, svensk og dansk har det til felles at verba ikkje har ulike personendingar slik færøysk og islandsk har.

Finland og Grønland er også nordiske land, men språka der tilhøyrer andre språkfamiliar. Finsk, samisk og kvensk høyrer til den finsk-ugriske språkfamilien. Grønlandsk tilhøyrer den eskimoisk-aleutiske språkfamilien.

Læringsressursar

Nordiske språk