Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som systemChevronRight
  4. Nordiske språkChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Nordiske språk

Norsk, islandsk, færøysk, dansk og svensk er nordiske språk. Finland og Grønland er også nordiske land, men språka der tilhøyrer andre språkfamiliar.

Nordiske språk – gode naboar

Videoen er henta frå nettsida Nordiske språk. På denne nettsida finn du fleire undervisningsopplegg om nordiske språk.

Det nordiske språkområdet

  • Norsk
    Om lag fem millionar nordmenn snakkar og skriv norsk. Til forskjell frå andre nordiske land har Noreg to jamstilte skriftspråk: nynorsk og bokmål. Minoritetsspråka samisk og kvensk er også offisielle skriftspråk i Noreg.
  • Svensk
    Ni millionar språkbrukarar i Sverige snakkar og skriv svensk. I tillegg har tre hundre tusen språkbrukarar i Finland og på Åland finlandssvensk som morsmål. Svensk er obligatorisk skulefag i Finland.
  • Dansk
    Seks millionar språkbrukarar snakkar og skriv dansk. Ein halv million av desse bur utanfor Danmark i Syd-Slesvig (Nord-Tyskland), på Færøyane og på Grønland. På Island er dansk obligatorisk språk i grunnskulen.
  • Islandsk og færøysk
    Island har omlag tre hundre tusen innbyggjarar som snakkar og skriv islandsk. Femti tusen personar snakkar færøysk. Dei aller fleste av desse bur på Færøyane. Dansk og færøysk er offisielle språk i skulen.

Læringsressursar

Nordiske språk