Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som systemChevronRight
  4. NynorskkursChevronRight
  5. Sterke verbChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Sterke verb

Vi deler verba inn i to hovudgrupper, sterke verb og svake verb. E-verba og a-verba, som du har jobba med til no, høyrer til dei svake verba. Nå skal vi sjå på kva som kjenneteikner dei sterka verba.

Presensform av sterke verb

I dei to setningane under finn du to vanlege nynorskfeil. Ser du kva som er gale?

  • Eg finner ikkje sokkane mine.
  • Han skrivar ein stil.

Det riktige skal vere:

  • Eg finn ikkje sokkane mine.
  • Han skriv ein stil.

Kva er sterke verb?

Dei svake verba har ending i presens: eg ryddar, eg tenker, eg bur. I tillegg får dei ending i preteritum: eg rydda, eg tenkte, eg budde. Verba “å finne” og “å skrive” er derimot sterke verb.

Det er særleg tre trekk som kjenneteiknar sterke verb i nynorsk:

Dei har ikkje ending i presens:

  • Infinitiv: å skrive
  • Presens: eg skriv

Dei har ikkje ending i preteritum:

  • Preteritum: eg skreiv

Dei har ofte vokalskifte i dei ulike tidsformene:

  • Infinitiv: å synge
  • Presens: eg syng
  • Preteritum: eg song
  • Presens perfektum: eg har sunge

Nokre også i presens:

  • Infinitiv: å komme, å fare
  • Presens: eg kjem, eg fer

Sju sterke verb får ending i presens

Dei sju sterke verba på lista nedanfor er i grunnen ikkje vanskelege å lære. Nokon av dei kan bøyast på fleire måtar på nynorsk. (Det kan for eksempel heite eg drar eller eg dreg.) Vi bruker her berre bøyingsformene som er nesten eller heilt likt bokmål. Det enkle er ofte det beste!

  • Å bli – eg blir
  • Å le – eg ler
  • Å dra – eg drar
  • Å få – eg får
  • Å slå – eg slår
  • Å stå – eg står
  • Å ta – eg tar

Øving 1

Tips 1:

Dann preteritumsforma av verbet. Har verbet ikkje ending i preteritum, er det eit sterkt verb.

Tips 2

Dei fleste sterke verba har einstavingsformer i preteritum, nettopp fordi dei ikkje får ending: kom, såg, låg, tok. Svake verb, derimot, har alltid minst to stavingar i preteritum: kjøpte, budde, streva.

Øving 2

I setningane under finn du både a-verb, e-verb og sterke verb. Bruk preteritumstesten for å finne ut kva type verb det er, og sett inn riktig presensform.

Øving 3

Læringsressursar

Nynorskkurs

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter