Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som systemChevronRight
  4. NynorskkursChevronRight
  5. E-verbChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Øvelse

E-verb

E-verba er ei stor verbgruppe. Dei er ikkje så vanskelege å skilje frå a-verba om du følger nokon enkle reglar.

Her er to eksempel på e-verb i nynorsk:

  • å kjøpe – eg kjøper – eg kjøpte – eg har kjøpt
  • å leve – dei lever – dei levde – dei har levd

Mange av e-verba på nynorsk blir bøygde likt som e-verba på bokmål.

Hugseregel

Bruker du mykje tid på å slå opp verbformer i ordlista? Da kan det vere greitt å vite at det iallfall ikkje er vanskeleg å kjenne igjen a-verb og e-verb. Her kjem ein regel som stemmer for svært mange av a- og e-verba:

  • Dersom verbet får endinga -a eller -et i preteritum i dialekten din, har du med eit a-verb å gjere.
  • Dersom verbet får endinga -te eller -de i preteritum i dialekten din, har du med eit e-verb å gjere.

Eksempel 1

Du lurer på om “å sykle” er eit a-verb eller eit e-verb. Antakeleg seier du: “I går sykla jeg.” Eller: “I går syklet jeg.” Da kan du vere ganske sikker på at du har med eit a-verb å gjere.

Eksempel 2

Du lurer på om “å lyse” er eit a-verb eller eit e-verb. På talemålet ditt heiter det antakeleg “Lampa lyste”. Da har du nok med eit e-verb å gjere.

Øving 1

E-verb eller a-verb? Bruk preteritumstesten og avgjer kva form som er rett.

Øving 2

Øving 3

Gjer om frå preteritum til presens. Skriv heile setningar, slik som i eksempla. (Hugs punktum!):

  • Han meistra nynorsk godt. > Han meistrar nynorsk godt.
  • Vi lærte kinesisk. > Vi lærer kinesisk.

Øving 4

Gjer om frå preteritum til presens perfektum, slik som i eksempla. (Hugs punktum!):

  • Han meistra nynorsk godt. > Han har meistra nynorsk godt.
  • Vi lærte kinesisk > Vi har lært kinesisk.

Øving 5

Ein del verb kan bøyast anten som a-verb eller som e-verb.

Eksempel:

  • Å bake – eg bakar – eg baka – eg har baka
  • Å bake – eg baker – eg bakte – eg har bakt

Klikk på dei verba du meiner har valfri bøying som a-verb eller e-verb. (Det er lov å slå opp i Nynorskordboka.)



Læringsressursar

Nynorskkurs

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter