Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som systemChevronRight
  4. NynorskkursChevronRight
  5. Fordjuping: genitiv i nynorskChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fordjuping: genitiv i nynorsk

Dersom du synest at du nå har god kontroll på bruk av genitiv i nynorsk, kan du kanskje ta steget opp blant dei vidarekomne?

Folk hygger seg på uterestaurant på Bryggen i Bergen. Foto.
Kva kan Bryggen i Bergen ha med genitiv i nynorsk å gjere, tru?

Kort oppsummering av grunnreglane

Til nå har du lært dette om genitiv i nynorsk:

  • Vi kan bruke s-genitiv ved særnamn. Da fortel s-genitiven kven som eig noko: Williams pc, Karis sykkel
  • Vi bruker s-genitiv i nynorsk ved nemningar for mål: eit tre vekers besøk, ei hundre kilos kveite
  • På nynorsk vel vi oftast andre uttrykksmåtar enn s-genitiv, for eksempel
    preposisjonsfrasar: Williams pc – pc-en til William
    samansette ord: kongens familie – kongefamilien
    eigedomsordet “sin”: Karis sykkel – Kari sin sykkel
    omskriving med ei setning: måleriets forsvinning – korleis måleriet forsvann
  • Eigedomsordet sin bruker vi helst når det er snakk om personar som eig noko: Lisa sine foreldre, barna sine tøflar – men helst ikkje "huset sitt tak"
  • Alt som er gode uttrykksmåtar på nynorsk, fungerer bra også på bokmål!

    Nå skal vi utdjupe reglane litt og sjå på nokon vanlege unntak.

Omskriving med sin

Omskriving med sin har opphavleg vore særleg brukt i vestlege og nordlege dialektar i Noreg, men i dag ser ein at uttrykksmåten også er i bruk hos mange i resten av landet.

Vi kan bruke omskriving med sin både på bokmål og på nynorsk, men det er lurt ikkje å overdrive bruken. Varier mellom dei ulike uttrykksmåtane du har lært om i denne læringsstien, og du får mest sannsynleg ein tekst som er god å lese.

Kvar kjem omskrivinga med "sin" frå?

Språkforskarane meiner at uttrykksmåten med sin er eit resultat av språkkontakt med hanseatane. Det tyske Hansaforbundet var ei samanslutning av nordtyske byar som samarbeidde og som dominerte handelen i Nord-Europa frå 1300-talet og heilt fram mot 1500-talet. I Bergen hadde hanseatane mellom anna eit kontor, det vil seie eit slags firma for kjøp, sal og frakt av varer, og dei heldt til på Bryggen.

Bergensarane brukte omgrepet “garpar” om hanseatane. Ordet betyr “storskrytar” og seier ein del om korleis lokalbefolkninga oppfatta dei framande. Men det var likevel så mykje kontakt mellom “garpar” og nordmenn at dei klarte å påverke språkutviklinga i Noreg. Hanseatane hadde nemleg denne spesielle bruken av sin i sin eigen dialekt, og han “smitta over” på det norske språket. Omskriving med sin blir derfor også kalla for garpe-genitiv.

Faste uttrykk med s-genitiv

S-genitiv finn vi i ein del faste uttrykk som er i heilt vanleg bruk i både bokmål og nynorsk. Her kjem nokon eksempel:

  • dagens rett
  • dagens ord
  • verdas beste kaker
  • ein folkets mann
  • ein augneblinks stille
  • fjorårets vinnar
  • ei god natts søvn
  • sommarens favorittar
  • årets sensasjon
  • livets skole
  • for mange herrens år sidan
  • eit helvetes bråk

Det finst også nokon veldig gamle faste uttrykk med genitiv-s, for eksempel

  • i manns minne
  • til sjøs
  • til fjells
  • til fjords
  • til bords
  • til gards

Øving

Læringsressursar

Nynorskkurs

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du frå før om adjektiv?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: adjektiv i nynorsk

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du frå før om aktiv og passiv uttrykksmåte?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: aktiv og passiv form av verbet

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du frå før om bestemmarord?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: bestemmarord

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du frå før om spørjeord?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du frå før om genitiv?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva hugsar du frå e-forelesinga?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummeringsoppgåve: genitiv

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du frå før om pronomen?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva hugsar du frå e-forelesinga?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: nynorske pronomen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva hugsar du frå e-forelesinga?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: sterke verb

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du frå før om svake verb?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: svake verb

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du frå før om substantiv?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du om substantivbøying i nynorsk?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva hugsar du frå e-forelesinga?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: substantiv

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: substantiv

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: verbbøying

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: pronomen og eigedomsord

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du frå før om verb?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva hugsar du frå e-forelesinga?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: samsvarsbøying

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff