Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som systemChevronRight
  4. NynorskkursChevronRight
  5. Svake verbChevronRight
LearningPath
Du er no inne i ein læringssti
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Kva kan du frå før om svake verb?

Før du skal i gang med å lære om svake verb, start med å friske opp nokon fagomgrep. Sjekk kva du hugsar om verb!

Kva er verb?

Verb er ord som uttrykker ei handling, ein tilstand eller ein overgang.

  • Aktivitetsverb uttrykker ei aktiv handling: Eg hoppar. Dei syng.
  • Tilstandsverb uttrykker ein tilstand: Eg bur her. Katten ligg på sofaen.
  • Overgangs- eller endringsverb uttrykker ei endring: Skipet søkk. Han raudnar.

Hjelpeverb

Det finst ei lita gruppe verb som vi kallar hjelpeverb. Til denne gruppa høyrer verba å ha, å vere, å bli, å måtte, å skulle, å kunne og nokon få til.

Infinitiv

Grunnforma av verbet heiter infinitiv. Det er denne forma du finn som oppslagsord i ordlista og ordboka. Framfor infinitiven kan du sette infinitivsmerket å: å ha, å vere, å bu, å synge.

Tidbøying

Verb har tidbøying. Det vil seie at dei har ulike former som uttrykker notid, fortid eller framtid. Eksempel:

  • bur – budde – har budd – skal bu
  • kastar – kasta – har kasta – skal kaste
  • syng – song – har sunge – skal synge

Rotstaving og rotvokal

Rota til eit verb er det vi står igjen med når vi har tatt vekk endinga. Rota ber betydninga, endingane gir informasjon om tid Vi bruker verbet å leve som eksempel:

  • lev- (rot)
  • lev-e (infinitiv)
  • lev-er (presens)
  • lev-de (preteritum)
  • lev-d (perfektum partisipp)

Rotvokalen er, som namnet seier, vokalen i rotstavinga. Verbet å leve for eksempel har e som rotvokal.

Øving 1

Grunnleggande fagomgrep om verb

Svake verb

Vi deler inn verba i to hovudgrupper etter måten dei blir bøygde på: sterke og svake verb. Her konsentrerer vi oss om dei svake verba.

  • Svake verb har som regel ending i presens: eg kjøp-er, eg kast-ar.
  • Dei har ending i preteritum: eg kjøp-te, eg kast-a.
  • Dei har som regel same rotvokal i alle tider: eg kjøper – eg kjøpte – eg har kjøpt.
  • Perfektum partisipp av svake verb endar på -t, -d eller -dd: har kjøpt, har levd, har trudd.

Øving 2

Vi deler svake verb i nynorsk inn i fire grupper: a-verb, e-verb, j-verb og kortverb. Hugsar du kva som er typisk for verba i dei ulike gruppene? Sjå på eksempelverba nedanfor.

  1. Bøy verba i presens, preteritum og presens perfektum.
  2. Prøv å avgjere kva for eit verb som høyrer heime i kvar gruppe.
  • å kjøpe
  • å nå
  • å kaste
  • å fortelje