Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som systemChevronRight
  4. NynorskkursChevronRight
  5. Hankjønnsord eller hokjønnsord?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Hankjønnsord eller hokjønnsord?

Klarer du å skilje kva ord som er hankjønn og kva som er hokjønn? Dei fleste ord har same kjønn i både nynorsk og bokmål, men ikkje alle.

Dei to setningane under viser to vanlege feil mange elevar gjer når dei skriv nynorsk. Kan du finne dei? Klarer du også å forklare kvifor dei to orda er feil? Hint til setning 1 er “artikkel”, medan hint til setning 2 er “fleirtalsending”:

  1. Det er særleg ein gjentaking som går att i teksten.
  2. Desse gjentakingene er sentrale i teksten.
Feil 1

Ord som endar på -ing er hokjønnsord. (Dei einaste unntaka frå denne regelen er nokon personkarakteristikkar, slik som luring, smarting, dumming, slemming.) Korrekt svar er derfor: “Det er særleg ei gjentaking som går att i teksten.”

Feil 2

Hokjønnsord har endingane -er og -ene i fleirtal, men dei som endar på -ing er unntak frå denne regelen. Dei får -ar og -ane, slik som hankjønnsorda. Rett svar er altså: “Desse gjentakingane er sentrale i teksten.”

Valfri bøying på bokmål – men ikkje på nynorsk

Det er ikkje berre ord på -ing som får feil kjønn. Forsking på elevtekstar viser at det å velje feil artikkel og bøying på substantiv er ein av dei vanlegaste feila elevar gjer. Særleg vanleg er det å tru at alle orda er hankjønnsord. Årsaka er nok at bruken av hokjønnsform er valfri på bokmål. Men det er han ikkje på nynorsk.

To eksempel: På bokmål kan du velje om du vil bruke hankjønns- eller hokjønnsform på orda “elv” og “ramme”. Du kan altså skrive både “ei elv – elva” eller “en elv – elven”. Det same gjeld for “ramme”: “ei ramme – ramma” eller “en ramme – rammen”.

På nynorsk har vi ikkje dette valet. Både “elv” og “ramme” er hokjønnsord. Det finst enkelte substantiv som har valfritt kjønn også i nynorsk, men dei er svært få.

Enkel hugseregel

Dersom du er i tvil om du har med eit hankjønns- eller hokjønnsord å gjere, sett det i bestemt form eintal. Dersom det høyrest greitt ut med a-ending, er det stort sannsyn for at det er eit hokjønnsord. Eksempel: vesk-a, natt-a, gat-a.

Men høyrest a-ending heilt rart eller umogleg ut, er det nok eit hankjønnsord.

Øving 1

Er substantivet eit han- eller hokjønnsord? Ta bestemt form eintal-testen.

Øving 2

Er substantivet eit hankjønns- hokjønns- eller inkjekjønnsord?

Læringsressursar

Nynorskkurs

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du frå før om adjektiv?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: adjektiv i nynorsk

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du frå før om aktiv og passiv uttrykksmåte?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: aktiv og passiv form av verbet

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du frå før om bestemmarord?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: bestemmarord

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du frå før om spørjeord?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du frå før om genitiv?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva hugsar du frå e-forelesinga?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummeringsoppgåve: genitiv

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du frå før om pronomen?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva hugsar du frå e-forelesinga?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: nynorske pronomen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva hugsar du frå e-forelesinga?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: sterke verb

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du frå før om svake verb?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: svake verb

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du frå før om substantiv?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du om substantivbøying i nynorsk?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva hugsar du frå e-forelesinga?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: substantiv

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: substantiv

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: verbbøying

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: pronomen og eigedomsord

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du frå før om verb?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva hugsar du frå e-forelesinga?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering: samsvarsbøying

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff