Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som systemChevronRight
  4. NynorskkursChevronRight
  5. Passiv form av verbetChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Passiv form av verbet

Passiv form av verbet kan vi bruke når det ikkje er viktig å vite kven som har utført handlinga. Prøv å unngå å bruke passivforma for ofte. Det gjer teksten din tyngre å lese. Skal du bruke ho, må du gjere det rett.

I bokmål og nynorsk kan vi uttrykke passiv med hjelpeverbet bli:

Bokmål:

  • Trappa blir vasket hver uke.
  • Trappa blir vaska hver uke.

Nynorsk:

  • Trappa blir vaska kvar veke.

I nynorsk kan du også bruke hjelpeverbet å verte i staden for å bli når du lagar passiv form: Trappa vert vaska kvar veke. Men om å verte kjennest framandt i ditt eige talemål, hald deg til å bli.

Passiv med -s(t)-form

Bokmål:

I staden for “Trappa blir vaska / vasket hver uke”, kan vi på bokmål også bruke s-passiv og skrive:

  • Trappa vaskes hver uke.
  • Trappa må vaskes hver uke.

Nynorsk:

På nynorsk er endinga -st, og vi snakkar om st-passiv. Men i motsetning til bokmål bruker vi st-forma berre saman med eit modalt hjelpeverb:

  • Trappa må vaskast kvar veke.
  • Dekkskifte kan ordnast raskt.

Øving 1

Skriv om frå aktiv til passiv form.

  • Eksempel: Ho serverer suppa > Suppa blir servert / Suppa vert servert

I denne oppgåva skal du bruke hjelpeverbet å bli:

Øving 2

Pass på – her kan det vere meir enn verba du må sjå nærare på!

Øving 3

Gi klar beskjed! Omsett eksempelsetningane til nynorsk. Bruk st-form av verbet, saman med det modale hjelpeverbet skal.

Kva er forskjellen mellom st-verb og st-passiv?

Det finst ikkje mange st-verb. Du har allereie øvd på to av dei, nemleg "å finnast" og "å synast". St-verb har aktiv betydning: Eg synest betyr at eg meiner eller trur noko; Spøkelse finst betyr at spøkelse er til, at dei eksisterer.

St-passivform av vanlege verb har passiv betydning: Noko må gjerast. Denne boka bør lesast!

Når vi vel passiv form, seier vi ikkje noko om kven som utfører handlinga. Ein tekst med mykje bruk av passiv form kan verke tung. Aktiv verbform er derfor ofte eit betre val.

Orsak, ein feil oppstod under lasting av emneressursar.