1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  4. Det nasjonale og det globaleChevronRight
  5. Noreg som nasjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Noreg som nasjon

I 1814 fekk Noreg sin eigen grunnlov. Det skjedde i en tid med framvekst av nasjonalstater i Europa, og land var på jakt etter det som var særmerkt for dei. Det førte til ei oppblomstring av nasjonalromantisk kunst som ville framstille "folkesjela".

17. mai ved Eidsvollbygningen. Foto.
17. mai ved Eidsvollbygningen

Vi ere en nasjon vi med,
vi små en alen lange,
et fedreland vi trives ved,
og vi, vi ere mange.
Vårt hjerte vet, vårt øye ser
hvor godt og vakkert Norge er,
vår tunge kan en sang blant flere
av Norges æres-sange

Dette er fyrste strofe av Henrik Wergeland sitt dikt. Det blei sett melodi til diktet, og det var nasjonalsong fram til 1864. I diktet summerer Wergeland opp mykje av det som gjorde og gjer Noreg til ein nasjon.

Vi ere en nasjon vi med

I 2014 skal vi feire at det er 200 år sidan Noreg fekk sin eigen grunnlov. Ofte tenkjer vi på Noreg som ein nasjon som vakna opp til medvit om å vere ein nasjon då fellesskapet med Danmark braut saman i 1814, og vi fekk vår eigen grunnlov.

Jakta på folkesjela

I tida etter blussa nasjonalromantikken opp med viktige bidrag i litteratur, musikk og målarkunst. Ein gjekk tilbake til historia og trekte fram vikingkongar og bragdene deira og skreiv nasjonal historie (P.A. Munch).

Dei intellektuelle i byane drog ut på landet og fann den norske folkesjela i bondekulturen og folkeeventyra (Asbjørnsen og Moe). Bjørnstjerne Bjørnson skreiv om den frie norske bonden. Henrik Ibsen skreiv om «Hærmænderne på Helgeland». Adolph Tidemand og Hans Gude måla «Brudefærden i Hardanger», og komponistane Edvard Grieg, Halfdan Kierulf og Richard Nordraak gav melodiar til norske songar.

Nasjonalromantikken

Medvitet om at Noreg var ein særskild nasjon voks fram. Vi fekk eige Storting, flagg og det norske språket; landsmålet eller nynorsk fekk si form gjennom innsatsen til Ivar Aasen.

Kva er ein nasjon?

Men kva er ein nasjon? I 1905 fekk landet sjølvstende då unionen med Sverige gjekk i oppløysing. Noreg var ein nasjon. Historikaren Benedict Anderson seier at nasjonen er ein førestilt, politisk fellesskap.

Det er førestilt fordi medlemmene i sjølv dei minste nasjonane berre vil kjenne eit fåtal av medborgarane sine. Dei fleste av dei vil aldri møtast, vil aldri ha høyrt snakk om kvarandre; likevel vil dei vere i stand til å førestelle seg at dei er medlemmer av den same fellesskapen.[1]

I følgje Anderson er nasjonen ein konstruksjon inne i hovudet vårt. Nasjonen blir oppfatta som eit fellesskap, «eit djupt, horisontalt kameratskap». Geografi, historie, språk og kultur dannar grunnlaget for dei nasjonale førestellingane våre, men den nasjonale kulturen ligg ikkje i genene våre.

  1. 1«Forestilte fellesskap: refleksjoner omkring nasjonalismens opprinnelse og spredning». Anderson, Benedict. Spartacus. 1996.

Læringsressursar

Det nasjonale og det globale

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter