Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  4. Det nasjonale og det globaleChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Det nasjonale og det globale

Tilhøvet mellom kultur og kommunikasjon og spenninga mellom det nasjonale og globale er stadig tema i media. Eit døme som illusterer dette, er striden om karikaturteikningane av Muhammed og om ytringsfridomen har nokre grenser.

Jente markerer sin støtte til ytringsfriheten etter terrorangrepet på satiremagasinet Charlie Hebdo. Foto.
Jente markerer si støtte til ytringsfridomen etter terrorangrepet på satiremagasinet Charlie Hebdo.

Karikaturteikningane

I 2005 publiserte den danske avisa Jyllandsposten 12 teikningar av profeten Muhammed. Redaktøren hadde neppe rekna med kva konsekvensane skulle bli. Ein av illustrasjonane viste ei «morosam teikning» av ein skjeggete mann med ei bombe i turbanen. Sett frå dansk side var det nok ei uskyldig framstilling av at enkelte muslimar stod bak terroraksjonar slik som verda hadde sett i New York 11. september 2001 og seinare i Madrid og London.

Då situasjonen blei kjend i Midtausten, blei det ein kraftig reaksjon. Det blei skrike opp om blasfemi, som ofte blir forstått som gudsspotting. Sidan karikaturane også blei trykte i norske aviser, blei både norske og danske ambassadar brende i Damaskus i Syria. Danske, norske og andre vestlege flagg blei brende i Gaza og andre stader. Fleire redaktørar og teiknarar blei drapstrua. På dette klippet ser du kor sterke reaksjonane var i muslimske land.

Muhammeddemonstrasjoner mot Danmark

Kulturell bakgrunn

Koranen har eit forbod mot avbilding av guddomen. Dette gjeld ikkje berre Allah, men òg profeten Muhammed. Derfor har teikningane opprørt mange muslimar. Frå vestleg side blei det argumentert med at ytringsfridomen medfører at det går an å fleipe med dei fleste ting, også religionar.

I klippet under ser du den norske redaktøren Vebjørn Selbekk, som valde å trykkje teikningane i den kristne avisa si, i møte med ein representant for Islamsk Råd og daverande Generalsekretær i Noregs Presseforbund, Per E. Kokkvold.

Kokkvold om ytringsfridom

Kulturkollisjonar

Episoden er ein god illustrasjon på det vi drøfta i KK1 om kommunikasjon. Sjølv om avsendaren kanskje ikkje hadde meint å vere støytande, blei det av enkelte mottakarar oppfatta slik. Mottakaren oppfattar på sine eigne premissar, noko avsendaren ofte gløymer.

Etter karikaturteikningane har vi hatt fleire store konfrontasjonar mellom ein vestleg kulturkrins som legg særs stor vekt på ytringsfridom, og ein muslimsk kulturkrins som ved at Profeten blir krenkt, kjenner seg krenkte sjølve. I september 2012 ble filmen "Innocence of Muslims", utgitt anonymt. Det kom seinare fram at det var ein amerikanar med egyptisk og kristen bakgrunn som stod bak. Filmen vekte liknande reaksjonar som dei vi såg etter karikaturteikningane.

Satiremagasinet Charlie Hebdo

I Frankrike representerer satire som sjanger ei lang historie og sterk tradisjon. Charlie Hebdo er eit satirisk magasin som har røter tilbake til opprøret i Paris i 1968. Under ulike namn har magasinet eksistert sidan 1970-talet, og sidan då har det harselert og gjort narr av makteliten, i fyrste rekkje ved hjelp av karikaturar. Magasinet har slått i alle retningar: presidentar, pavar, alle slags ekstremistar, jødar og palestinarar, Gud og Jesus, Buddha, og Muhammed, har fått gjennomgå.

Mange blei skremde av reaksjonane då karikaturstriden braut ut fyrste gong i 2005, og det var få som valde å trykkje Jyllandposten sine teikningar. Charlie Hebdo var eitt av unnataka. Dei valde å trykkje alle dei tolv teikningane. Ikkje nok med det; dei lagde òg sine eigne karikaturar. På forsida figurerte ein person som kunne ha mange likskapstrekk med Muhammed. Uttrykket i andletet var fortviling og i ei snakkeboble stod det: "Det er hardt å bli elska av idiotar". I samband med teikninga stod det òg: "Muhammed fortvilar over fundamentalistar".

Etter dette blei magasinet klaga for blasfemi av nokre muslimske organisasjonar, og det heile enda i ei rettssak i 2007. Magasinet blei frikjent, men har sidan måttet leve med trugsmål. Den 7. januar 2015 gjorde terroristar alvor av trugsmåla. 12 menneske blei drept i eit attentat. Blant dei var redaktøren og fleire av bladet sine mest kjende teiknarar.

Kva gjer vi med ytringsfridomen?

Med terroråtaket mot Charlie Hebdo har karikaturstriden blussa opp att, og det blir stilt spørsmål om ein var for feig forrige gong, den gong Jyllandsposten, Charlie Hebdo og ei lita norsk kristen avis blei ganske aleine om å trykkje teikningane. Det blir òg diskutert kva blasfemi inneber og om ytringsfridomen skal ha nokre grenser.

Læringsressursar

Det nasjonale og det globale