Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  4. Kommunikasjon i eit fleirkulturelt samfunnChevronRight
  5. Haldningar, meiningar og verdiarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Haldningar, meiningar og verdiar

Korleis har eg blitt meg? Ein viktig del av identiteten vår er meiningane, haldningane og verdiane våre. Korleis blir dei danna? Og korleis blir dei påverka i samspel med andre menneske?

Konfirmanter i hvite drakter og foldede hender. Foto.
Kva for verdiar er knytt til det å konfirmere seg?

I daglegtalen bruker vi omgrepa meiningar, haldningar og verdiar litt om kvarandre, kanskje utan at vi tenkjer så mykje over kva som skil dei frå kvarandre. Forskjellen blir tydeleg når vi tenkjer på kva som er lettast å endre. Viss du ser på omgrepa; kva tenkjer du er lettast å endre? Er det meiningar, haldningar eller verdiar?

Meining

Ei meining har gjerne eit konkret utgangspunkt. Vi kan til dømes meine noko om ein annan person eller ei sak. Som regel er det lett å skifte meining, fordi dette synet ikkje er så djupt forankra i oss. Meiningane våre treng ikkje påvirke åtferden vår i vesentleg grad.

Haldningar

Det stiller seg annleis med haldningane våre. Vi kan seie at dei bestemmer måten vi reagerer på i møte med andre menneske og i høve til saker eller hendingar. Til dømes når det gjeld miljøvern, kan haldningane styre om vi kjeldesorterer nøye eller vi ikkje tek oss bryet, eller når det gjeld menneske, om vi ser ned på romfolk både som gruppe og individ, eller vi er opptekne av å møte dei som enkeltmenneske på lik linje med andre. Haldningar kan endrast, men dei sit djupare enn meiningane våre, og det kan vere vanskeleg å endre dei.

Verdiar

Verdiar er haldningar som er heilt grunnleggjande for oss. Dei vil vi ta vare på og verne, fordi dei er djupt forankra i oss. Desse verdiane sit så djupt at vi ikkje alltid er medvetne om dei før dei blir truga eller utfordra. Dei er knytte til fundamentale spørsmål som verdsbilete, menneskesyn og religion.

I boka Veien til interkulturell kommunikasjon[1] blir det fortalt om ein episode der tre studentar frå USA, Jordan og Ungarn sit rundt eit bord og diskuterer. Dei finn verkeleg tonen, og stemninga er god, inntil den ungarske studenten erklærer at han ikkje trur på Gud. Mens den amerikanske studenten, som ikkje er ateist, og som trur på Gud, ikkje reagerer vesentleg på utspelet, reagerer den jordanske studenten med å bli fjern og avvisande til ungararen. For han var trua ein fundamental verdi.

Sosialisering

Meiningar, haldningar, verdiar, ferdigheiter, kunnskapar og åtferd blir skapte og utvikla i samspel med andre. Menneska og omgjevnadene vi møter på forskjellige tidspunkt i livet, er med på å forme identiteten vår.

Gjennom det vi kallar sosialiseringsprosessen, blir vi påverka, og vi tileignar oss veremåtar og normer frå omgjevnadene våre. Vi er likevel ikkje passive mottakarar, vi bidreg aktivt til å forme oss sjølve. Sosialisering er altså dette samspelet mellom individet og omgjevnadene, der vi tek opp i oss det vi lærer og erfarer frå omgjevnadene, og gjer det til vårt eige. Vi utviklar oss frå biologiske vesen til sosiale og kulturelle vesen. Normene og veremåtane blir internaliserte, det vil seie at dei blir ein del av det som karakteriserer oss som individ.

Danning av personlegdom

Vi blir fødde inn i ein kulturell samanheng. Denne samanhengen har innverknad på haldningane og verdiane våre frå fødselen av. Psykoanalytikaren Sigmund Freud peikte på at barndomen har grunnleggjande innverknad på danninga av personlegdomen og identiteten vår.

Id

Han delte personlegdomen inn i tre delar, der id (det-et) er den biologiske delen av personlegdomen som vi har med oss frå vi blir fødde. Her ligg driftene og behova våre. Eit lite barn er til å begynne med heilt biologisk styrt, men så snart det er født, begynner interaksjonen med omgjevnadene.

Ego

Den andre delen av personlegdomen vår blir utvikla gradvis i dette samspelet. Freud kalla denne delen for ego (eg-et). Ego tileignar seg ferdigheiter og kunnskapar, og gradvis kan mitt "eg" bli skilt frå alle andre sitt "eg". Berre tenk på kor fort eit lite barn grip ei leike og seier: "Min!" Ettersom barnet veks til, vil normene og reglane frå miljøet rundt bli internaliserte.

Super-ego

Denne tredje delen av personlegdomen kallar Freud for super-ego (over-eg-et). Denne delen prøver å halde driftene og behova som id sender, i sjakk. Det blir jobben til ego-et å finne balansepunktet mellom kravet om tilfredsstilling av lyster og behov frå id og kravet om tilpassing og moral frå super-ego.

Primær- og sekundærsosialisering

Sosialiseringsprosessen går føre seg heile livet ved at den ytre, sosiale verkelegheita blir internalisert og ein del av haldningane, verdiane, kunnskapane, ferdigheitene og åtferda vår. Den første og mest avgjerande fasen er barneåra.

Primærsosialiseringa skjer i den innarste krinsen rundt barnet. Her er familien og barnehagen viktige aktørar. Etter kvart blir denne krinsen utvida til også å omfatte vener og skule, seinare kjem kollegaer.

Sosiologen og psykologen Georg Herbert Mead innførte omgrepet signifikante andre om personar som har særleg innverknad på oss. Det kan vere foreldre, nær familie, kjærasten, vener, læraren eller trenaren. Haldningane og verdiane desse menneska representerer, vil vere særskilt viktige for oss. Reaksjonar frå desse personane når vi har ei åtferd som bryt med normer, vil få stor vekt og bety mykje for identiteten vår.

Sekundærsosialiseringa står den utvida krinsen rundt oss for. Det kan vere veneflokken, trussamfunnet, arbeidsplassen eller det politiske partiet ein er medlem av. Her høyrer òg innverknad frå media heime. Desse gruppene er dessutan viktige bidragsytarar til haldningane og verdiane våre.

Trekomponentmodellen

Trekomponentmodellen. Illustrasjon.
Trekomponentmodellen

Vi har sett at vi utviklar og dannar haldningar i samspel med omgjevnadene våre frå vi blir fødde, og vi har sett at haldningar blir internaliserte i oss og sit djupt, djupare enn meiningar, men ikkje så djupt som verdiar.

Kva består så ei haldning av? Det er vanleg å sjå for seg ei tredeling:

  • ein del som går på kjenslene våre
  • ein del som går på kunnskapane våre
  • ein del som går på handlingane våre

Alle desse delane speler saman i haldningane våre, men dei speler ikkje alltid på lag.

Ut frå kunnskap kan vi ha ei førestelling om at alle menneske er like mykje verdt, og at det å ha fridom og tryggleik er ein menneskerett. Derfor må vi ta imot flyktningar. Med den kjenslemessige delen har vi medkjensle med dei som må flykte, men på den andre sida føler vi det skremmande at nokre flyktningar lever etter andre normer enn dei vi kjenner. Når vi skal handle ut frå dette, vil vi kanskje stemme på eit parti som er positivt til innvandring, men vegre oss for å ta personleg kontakt dersom ein flyktningfamilie flyttar inn i nærmiljøet vårt.

Konflikt mellom haldningar

I spørsmålet om flyktningar ser vi eit døme på motstridande delar innanfor éi haldning. Kva så når ei haldning er i konflikt med ei anna haldning? Vi kan til dømes oppleve konflikt mellom haldningar til venskap som seier at vi alltid skal stå opp for venene våre, uansett, og ei haldning om at lovbrot aldri kan forsvarast. Kva da viss ein ven gjer noko kriminelt, melder vi frå?

Skjulte haldningar

I og med at haldningar inneber at vi tek standpunkt til noko (eller nokon) og inneheld både kjensler, tankar og handlingar, blir dei forankra djupt i oss. Haldningar vil vere vurderande og dømmande. Nokre av haldningane våre blir vi tvungne til å tenkje over, mens andre er meir skjulte for oss sjølve. Slike skjulte haldningar kan til dømes vere nedvurdering av folkegrupper.

  1. 1«Veien til interkulturell kompetanse». Dypedahl, Magne Bøhn, Henrik. Fagbokforlaget. 2009.

Læringsressursar

Kommunikasjon i eit fleirkulturelt samfunn

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter