Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  4. Kulturell identitetChevronRight
  5. Identitet, makt og diskrimineringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Identitet, makt og diskriminering

Den 17. mai er Noregs nasjonaldag, og vi feirer grunnlova til landet. Det er ein dag der vi heisar norske flagg og tar på oss bunadar. Dagen er eit symbol på vår nasjonale identitet. Det er har også blitt ein dag der nokre blir minna på at dei ikkje er "heilt" norske.

17. mai-feiring. Foto.

Klasseidentitet og nasjonal identitet

Det indre samhaldet i ei gruppe er avhengig av ytre press. Før den andre verdskrigen var det ikkje vanleg at arbeidarane som var organiserte i fagrørsla, gjekk i 17. mai-tog. Dei markerte internasjonal solidaritet ved å gå i 1. mai-tog.[1] Klasseidentiteten var altså viktigare enn den nasjonale identiteten.

Paroler i 1. maitog. Foto.
1. maitog

17. mai etter den andre verdskrigen

Men 17. mai 1945, då den tyske okkupasjonen av Noreg var slutt, var det folkefest i gatene, der alle som kunne krype og gå slutta opp. Då nasjonens fridom var trua, blei den nasjonale identiteten mobilisert. Og i tida etter har dei aller fleste slutta opp om det borgarlege 17. mai-toget, mens det har vore vanskelegare å få arbeidarane til å stille opp i 1. mai-toget.

Majoritet og minoritet

Innanfor etniske minoritetar, mindretalet, kan ein sjå mykje av dei same mekanismane. Så lenge ein var pakistanar i Pakistan, trong han ikkje reflektere over kva det vil seie å vere pakistanar. Men når han er ein del av ein minoritet i Noreg, blir det aktuelt å søkje fellesskap med andre pakistanarar. Han begynner kanskje til og med å gå i moskéen, sjølv om han aldri gjorde det i Pakistan. Det samme skjer med nordmenn i utlandet. Mange søkjer Sjømannskyrkja for å få kontakt med andre nordmenn.

Definisjonsmakt

Minoritetane i Noreg må heile tida ta stilling til majoritetens krav og lover, mens majoriteten, fleirtalet, ikkje treng lytte til minoriteten dersom dei ikkje sjølv vil. Ein somaliar i Noreg må lære seg norsk, men ein nordmann treng ikkje lære somali. Majoriteten har makt til å definere situasjonen, såkalla definisjonsmakt. Definisjonsmakt er makt til å få gjennomslag for si oppfatning av verkelegheita.

Det er gjerne også nordmenn som definerer korleis 17.mai skal feirast. Debatten om ein skal tillate andre enn norske flagg i toget, dukkar opp kvart år. Det er også blitt fleire som opplever å høyre stygge ord, og til og med utsatt for vald, på denne dagen, om dei ikkje glir "naturleg" inn i 17.mai-kulturen; når dei har ein annen hudfarge eller framande klede.

"Innvandrarar"

Nemninga «innvandrar» er i seg sjølv interessant når vi drøfter identitet. Dei fleste nordmenn vil ikkje tenkje på amerikanske oljearbeidarar eller danske kokkar som innvandrarar. Ein talar lett om «innvandrarkultur», og tenkjer berre på halvparten av dei som faktisk er innvandrarar, nemleg dei som kjem frå Afrika, Asia, eller Latin-Amerika eller har ein annan hudfarge. Handlar dette om at nordmenn tenkjer at her er det stor kulturavstand?

Andre og tredjegenerasjon og adoptivbarn

Barn av innvandrarar blir også ofte oppfatta som innvandrarar sjølv om dei kanskje er andre eller tredje generasjon av «norskfødde barn av innvandrarforeldre». Mykje tyder på at hudfargen er avgjerande. Mange norske adoptivbarn blir putta i kategorien innvandrar, berre fordi dei har ein annan hudfarge. Mens i sitt mentale univers, i språket og kroppsspråket sitt, kjenner dei seg kanskje fullstendig norske, og berre det. Dei kjenner kanskje ingen annan røyndom.

Gruppeidentitet og multippel identitet

Den såkalla «innvandrarkulturen» spenner over menneske frå meir enn 100 land. Dei kan vere like forskjellige frå kvarandre som dei er frå nordmenn. Det er for det første ikkje ein felles kultur som har skapt denne kategorien. Derimot kan denne kulturen vere skapt av nordmenn som generaliserer ut frå utsjånad.

For det andre opplever gruppa ofte felles problem med å bli akseptert i det norske samfunnet for eksempel når dei skal søkje jobb. Personar med «framandklingande namn» blir ofte forbigått i søknadsbunkane. Dei kan då søkje saman i Antirasistisk senter eller andre grupperingar for å kjempe mot rasisme og diskriminering – forskjellsbehandling i det norske samfunnet.

Oppsummerande kan vi seie at menneske har eit stort tal identitetar, multiple identitar, som kan aktiviserast i ulike sosiale situasjonar alt etter ytre og indre press. Identiteten er alltid ein relasjon som definerer grenser og kontrastar. Identiteten kan definerast både utanfrå og innanfrå.

  1. 1«Flerkulturell forståelse». Eriksen, Thomas Hylland. Tano Aschehoug. 1997.

Læringsressursar

Kulturell identitet