I alle fellesskap er det nokon som er innanfor og andre som er utanfor. Dette gjeld både uformelle fellesskap slik som ein ungdomsgjeng, eit slektsfellesskap, nasjonale fellesskap eller formelle fellesskap som inneber innbetaling av medlemskontingent.

Døme
Dersom det ikkje hadde vore kvinner i verda, hadde det vore unødvendig å kalle oss andre for «menn». Utan unge, ingen gamle. Mange folk i verda har tradisjonelt ikkje noko anna namn på si eiga gruppe enn «folk». Det gjeld til dømes l inuittane på Grønland: «inuk» betyr menneske/person i eintal og «inuitt» menneske/personar i fleirtal.
Vi og "dei andre"
Kva likskapar og skilnader som det blir lagt vekt på er avgjerande for kven som er innanfor og kven som er utanfor. Dersom du deltek i eit bukollektiv, vil «vi» bety dei som er med i kollektivet og «dei» er dei som ikkje er med. Legg vi vekt på bustad, vil til dømes alle som bur i Øyslebø danne ei identitetsgruppe, uavhengig av hudfarge, alder, kjønn og utdanning.
Men mange kristne grupper, som reknar seg som del av statskyrkja, meiner at det ikkje er nok å vere døypt for å kalle seg kristne, ein må også delta i kristeleg aktivitet og aktivt vedkjenne seg trua si. Oppfatninga av innanfor og utanfor kan altså variere innanfor eit samfunn.
Døme
Dei aller fleste i Noreg er medlemmer i Den norske kyrkja (eller statskyrkja). Ved inngangen til 2008 var 3,9 millionar, eller 82 prosent, av befolkninga i Noreg medlemmer i statskyrkja (Statistisk sentralbyrå). For å vere medlem av statskyrkja må ein vere døypt. Dåpen markerer formelt sett eit skilje mellom innanfor og utanfor.

Dersom vi tenkjer på at norsk identitet betyr dei som har felles opphav, etnisk norske, må vi ekskludere samar, kvenar og andre minoritetar. Men dersom vi reknar at norsk gruppefellesskap betyr dei som har norsk statsborgarskap, kan vi inkludere alle dei som har norsk pass.
Kven set grensene?
Det har til dels vore debatt om innvandrarar må ha greidd ein norsktest for å kunne bli norske statsborgarar. Frå nyttår 2010 blei norskprøva obligatorisk for innvandrarar. Denne prøva har tidlegare vore frivillig, og den som har budd i Noreg i sju år samanhengande med opphaldsløyve, kunne søkje om norsk pass. For å få norsk statsborgarskap, må du frå no av ikkje berre ha budd i Noreg, følgje lovene og betale skatt. Du må også ha greidd ei prøve i norsk språk.
Av døma over kan vi sjå at grenser kan trekkjast opp ulikt av menneske innanfor same fellesskapet. Det kan vere usemje om kvar grensene går. Kva som er viktig for éin er kanskje ikkje viktig for ein annan.
Læringsressursar
Kulturell identitet
Fagstoff
Korleis blir vi den vi er?
KjernestoffBeskrivande kulturell identitet
KjernestoffDynamisk kulturell identitet
KjernestoffUtvikling av identitet
KjernestoffKonstruksjon av identitet
KjernestoffAndre identitetsmarkørar
KjernestoffIdentifikasjon
KjernestoffSplitta eller heil personlegdom?
Kjernestoff«Third Culture Kids»
KjernestoffOm føter og røter
KjernestoffReligiøs identitet
Kjernestoff- Kjernestoff
Kvar går grensene?Du er her
Identitet, makt og diskriminering
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Kulturell identitet
KjernestoffKorleis blir vi den vi er?
KjernestoffIdentitet
KjernestoffUtvikling av identitet
KjernestoffGruppetilhøyrsel
KjernestoffSplitta eller heil personlegdom?
KjernestoffTredjekulturs barn
KjernestoffOm føter og røter
KjernestoffReligiøs identitet
Kjernestoff