Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  4. Kulturell identitetChevronRight
  5. Om føter og røterChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Om føter og røter

Når du lever i ei verd med mange kulturar, har du nokre val. Du kan velje å halde fast på ein "rein" og opphaveleg kultur, eller du kan byggje bru eller kombinere ulike identitetar.

Stort lysskilt med reklame for en restaurant som blander norsk og amerikansk. Foto.
Rosemaling og norske ord på eit skilt viser at nokre amerikanarar er stolte av dei norske anene sine.

Det er tre som har røter, menneske har føter, skriv forfattaren Salman Rushdie.[1] Den som reiser blir ofte stilt overfor store utfordringar når det gjeld å ta vare på, endre eller tilpasse sin identitet. Tredjekulturs barn, innvandrarar eller barna deira, som no blir kalla «norskfødde med innvandrarforeldre» (Statistisk sentralbyrå) – eller første generasjons nordmenn som dei vel eigentleg er – står overfor tre moglege val: rein identitet, bindestreksidentitet og kreolsk identitet.[2]

Rein identitet

Det første alternativet er rein identitet. Mange konservative religiøse grupper vel dette og prøver å halde fast ved sin opphavlege identitet eller tilhørsel. Det er ofte vanskeleg når ein har flytta frå heimlandet sitt og over i ei anna kulturell setting. Det blir stilt andre krav til levemåte, språk og integrering i samfunnet.

Identiteten byggjer på ein kontrast til andre, det er takka vere forskjellane til andre grupper at minoritetar kan etablere seg med ei fast og udiskutabel gruppetilhørsel.

Døme

Ein muslim kan definere seg som «truande» i forhold til andre «kristne» eller «vantru». I USA finst fundamentalistiske kristne grupper som definerer seg sjølve som «reborn Christians», kristne i motsetning til dei som berre er «Christians». I Noreg skil enkelte grupper mellom «kristne» og «personlege kristne», kva no dette uttrykket skulle bety.

Fordelen ved eit slikt val er at det skaper orden, oversikt og kan føreseiast. Ein veit kvar ein høyrer heime. Valet set krav til oppførsel, verdiar og moral. Ein veit kva som blir forventa av dei som er innanfor. Ulempa er isolasjon i forhold til omliggjande gruppekulturar.

Døme

Amish-folket i USA og Canada har av religiøse grunnar valt ei leveform utan moderne hjelpemiddel. Dei er gardbrukarar som brukar hest og kjerre. Dei brukar ikkje elektrisitet fordi det vil knyte dei til det ugudelege storsamfunnet eller «verda». Dei teiknar ikkje forsikring, men hjelper kvarandre når dei har vanskar. Dei brukar ei karakteristisk klesdrakt og hattar frå 1800-talet og snakkar et eige språk heime som er ein slags tysk dialekt. Dei som bryt med Amish-skikkane blir bannlyste og utstøytte frå familien og samfunnet.

Amish land

Nokre bryt ut

For mange minoritetsmedlemmer i Vest-Europa kan det vere freistande å isolere seg frå det omkringliggjande samfunnet og basere seg på rein identitet. Men dette fører som regel med seg isolasjon og mindre utsikt til integrering i samfunnet.

Mange unge kjem i konflikt mellom forventningane frå foreldra og deira konservative oppførsel og motstridande forventningar frå samfunnet utanfor. Ofte oppstår konfliktane dersom ein bryt ut i samband med inngåing av ekteskap.

Bindestreksidentitet

Bindestreksidentitet er ein identitet som prøver å byggje bru eller kombinere ulike identitetar. Nordmenn som reiste til Amerika blir ofte kalla norsk-amerikanarar. På same måten har vi her pakistanar-nordmenn, kurdar-nordmenn og andre. Dei tek vare på morsmålet sitt og har med seg sine barndomsminne frå der dei kjem frå. Samtidig har dei lært det nye språket og tilpassa seg ein norsk levemåte.

Døme

Somme kan leve i ei tyrkisk verd heime, snakke tyrkisk språk og ete tyrkisk mat. Utanfor heimen snakkar dei norsk og opptrer på ein heilt vanleg norsk måte. Barn som veks opp med ein fot i kvar kultur kan ofte opptre som gode omsetjarar både av språk og kulturelle kodar.

Mange grupper i USA har tileigna seg slike bindestreksidentitetar. Ofte held dei på viktige symbol frå sin eigen kultur. Etterkommarar av nordmenn bakar «fattigmand» og lefse til jul og et lutefisk for å vise at dei er «Sons of Norway». Dei er ofte stolte av sitt opphav og kallar seg «Norwegians» sjølv om dei ikkje kan snakke norsk.

Norge i USA

Kreolsk identitet

Kreolsk identitet er ein blandingsidentitet. Kreol er eit blandingsspråk som har blitt morsmål. På same måten kan ein definere ein kreolkultur som ein kultur som har teke opp i seg element frå ein eller fleire kulturar og gjort denne blandinga til basis for ein ny identitet.

Kreolsk må ikkje forvekslast med pidgin. Eit pidginspråk er eit språk som blir brukt til å kommunisere med andre grupper, men det er ikkje nødvendigvis eit morsmål. I handelen mellom russarar og nordmenn på Finnmarkskysten oppstod det såkalla «russenorsk», det blei brukt på begge sider av grensa for å kommunisere med kvarandre. Russenorsk er eit pidginspråk.

I ein kreolsk kultur betyr reinleik og grenser mindre. Enkelte muslimar i Noreg kan både ete svinepølse og drikke pils. Dei kan ha sex før ekteskapet og likevel finne seg i foreldra sitt ønske om kven dei skal gifte seg med. Dei kan gå på diskotek den eine dagen og i moskeen på fredagen. Blandingskulturen har blitt deira gruppeidentitet.

  1. 1«Røtter og føtter: identitet i en omskiftelig tid». Eriksen, Thomas H. Aschehoug. 2004.
  2. 2«Flerkulturell forståelse». Eriksen, Thomas H. Universitetsforlaget. 2001.

Læringsressursar

Kulturell identitet