Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  4. Kulturell identitetChevronRight
  5. «Third Culture Kids»ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

«Third Culture Kids»

Det er etter kvart mange barn som veks opp i «fleire kulturar». Før var det gjerne misjonærbarn og diplomatbarn som vaks opp i utlandet. No er det i tillegg barn av militære og folk som arbeider i internasjonale organisasjonar og fleirnasjonale selskap som stadig flyttar på seg.

Portrett av en smilende Alexander Rybak. Foto.
Alexander Rybak har eit bein i to ulike kulturar: den norske og den kviterussiske.

Kva har desse personane felles?

Nadia Hasnaoui Alexander Rybak Bertram Besigye «Tommy» Sharif
Nadia Hasnaoui blei fødd i Marokko i 1963 med norsk mor og marokkansk far. Då ho var fire år gammal, flytte ho og mora til Noreg. Ho gjekk i fransk katolsk barnehage og seinare på fransk skole. Ho har vore programleiar i fjernsyn sidan 2004. Ho snakkar engelsk, fransk, italiensk og norsk. Alexander Rybak blei fødd i 1986 i Minsk i Belarus. Då han var fire år gammal, flytte han og familien til Noreg. Fem år gammal begynte han å spele piano og fiolin. Rybak er døypt og oppseda i den ortodokse trua. Alexander Rybak syng og spelar fiolin. I 2004 vann han European Song Contest. Bertram Besigye blei fødd i Uganda i 1972. Han har vokst opp i Noreg. I 1993 debuterte han med diktsamlinga Og du dør så langsomt at du tror du lever, som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Han har gitt ut tre diktsamlingar og ein roman. «Tommy» Sharif blei fødd i 1976. Faren til Tommy Sharif kom frå Pakistan i 1969. Han jobba som dekkskiftar i Oslo. Tasawer og faren starta med dekksal frå garasjen sin på Leirsund i 1997. I 2007 stod Sharifs dekkvarehus ferdig. Sharif har ofte vore i nyheitsbildet og uttala seg, gjerne om innvandringspolitikk eller innvandrarar generelt.

Alle har vakse opp med fleire kulturar. På kva måte brukar dei bakgrunnen sin?

Internasjonale skular

I 1990 blei det rekna med at om lag tre millionar amerikanarar oppheldt seg anten mellombels eller permanent i utlandet (Pollock, Van Reken, og Sæverås 2009). Talet er kanskje dobbelt så stort i dag. Det finst internasjonale skolar i dei fleste land som gjer det mogleg å reise med heile familien.

Også fleire og fleire norske barn veks opp i utlandet, og mange studentar vel med vilje å ta visse delar av studiet utanlands. I tillegg kjem barn av immigrantar, minoritetsbarn, som må lære å leve med ein annan kultur enn heimlandskulturen til foreldra.

Mellom kulturar

Mange innvandrarbarn og barn som veks opp i utlandet, kjem inn under nemninga «Third Culture Kids» (TCK) «tredjekulturs barn» (TKB). Eit slikt barn føler tilhøyrsel i ein kultur som verken er foreldra sin kultur eller den kulturen dei har vore gjester i, men ein kultur dei har felles med alle som veks opp «mellom kulturar».

Det var to samfunnsvitarar som innførde denne nemninga då dei studerte barn av amerikanarar i India. Dei var i utanriksteneste, misjon, bistandsarbeid, forretningsliv, militæret, skole og media. Dei møtte også utvandrarar frå andre land og oppdaga at dei hadde noko felles: «utvandrarane hadde ein livsstil som skilde seg frå både heim- og vertskulturen, men det var ein livsstil som var felles i denne settinga.» Vi finn denne definisjonen av omgrepet:

Eit tredjekulturs barn (TKB) er ein person som har levt ein vesentleg del av utviklingsåra utanfor foreldrekulturen. TKB-en har opparbeidd eit forhold til alle kulturane utan å ha fullverdig eigarskap i nokon av dei. Sjølv om delar av kvar kultur blir gjorde til ein del av TKB-ens livserfaring, vil kjensla av tilhørsel liggje i forholdet til andre menneske med liknande bakgrunn.[1]

Utan røter?

Felles for desse barna, som etter kvart har blitt vaksne, er at dei ofte føler seg heime «everywhere» & «nowhere». Dei har blitt ein slags globale nomadar. I motsetnad til mange barn som veks opp i en bestemt kulturell kontekst, føler mange av desse at dei ikkje har røter nokon stad. Sjølv om dei er etnisk norske og har norske foreldre, er dei ikkje norske «inne i hovudet sitt», fordi deira mentale univers er annleis enn klassekameratane sitt.

Identitet
Barn oppvokst i utlandet

Døme

Når du spør slike tredjekulturs «barn» kvar dei er frå, får du ikkje alltid svar. Dei seier kanskje at dei har vore «rundt omkring» eller «fleire stader», utan å ønskje å utdjupe dette noko nærare. Felles for desse barna, som kanskje har blitt vaksne, er at dei har blitt påverka av foreldrekulturen heime, ein annan kultur på skolen og staden der dei har budd. Mange har også opplevd å bu på forskjellige stader i verda, og blitt påverka av alle ulikskapane. Foreldra vil ikkje forandre seg så mykje som barna når dei flytter frå stad til stad. Å seie «då eg var på din alder» til eit tredjekulturs barn er heilt irrelevant. At barna blir totalt forskjellige frå foreldra, kan ofte verke svært forvirrande på foreldregenerasjonen.

Misjonærbarn

Negative konsekvensar

Enkelte slike tredjekultursbarn føler seg ikkje heime nokon stad og kan ha vanskar med å slå seg til ro. Somme har også budd på internatskolar og vore skilde frå foreldra i månadsvis eller jamvel årevis. Enkelte kan få kjensla av å vere eit offer og kan gå i årevis med ei uforløyst sorg inne i seg. Tap av tilknyting til stad, sosial status, livsstil, eigedelar, venner, fortid, identitet kan utløyse depresjonar og angst.

Fleire misjonærbarn har opplevd slike skjulte tap og lever med psykiske traume. Men også barn av diplomatar, FN-tilsette eller næringslivsfolk som har flytta på seg mange gonger, kan ha slike erfaringar. Mange strevar med å få bukt med tapa også i vaksen alder.

Positive konsekvensar

Men biletet er ikkje berre negativt. Mange slike tredjekulturs barn har høg språk- og kulturkompetanse og kan fort kjenne seg heime på nye stader. Dei har ofte stor tilpassingsevne og toleranse for skilnader. Dei trivst ofte best saman med andre som har ein tilsvarande oppvekst.

Dei som får bruke sin fleirkulturelle kompetanse i sitt vaksne liv har det ofte best. Dei kan vere dyktige språk- og kulturtolkar. Mange barn av minoritetar i Noreg har mykje til felles med norske tredjekulturs barn og ofte har dei stor toleranse for kvarandre sin eigenart sjølv om dei har svært ulik oppvekst.

Dynamisk tilnærming til kultur

Vi ser i denne drøftinga at det beskrivande kulturomgrepet blir mangelfullt. Kva er ein «tredjekultur»? Opplagt noko anna enn kultur nr 1 og kultur nr 2. Ved å bruke det dynamiske kulturomgrepet fangar vi inn noko av denne «tredjekulturen».

Vi skal gjenta definisjonen av det dynamiske kulturomgrepet vi presenterte i KK1 her:

Kulturar er ikkje lukka, einsarta (homogene) einingar. Kulturane kan ikkje avgrensast til ein geografisk stad. Kultur er ikkje noko ein har, men noko ein gjer. Kultur er noko som blir skapt mellom menneske når dei kommuniserer med kvarandre. Derfor er han alltid i forandring. Kulturar er arenaer der konkurrerande oppfatningar møtest og stridest. Menneska sine handlingar og oppførsel kan ikkje føreseiast nøyaktig. Ein må undersøkje konkret kva element menneska gjer gjeldande i ein gitt situasjon.

Tredjekulturs barn (TKB) er nettopp barn som skaper seg ein ny kultur som ikkje er avgrensa til ein geografisk stad. Han er dynamisk og omskifteleg og blir til i møte med andre menneske. Kultur er, etter denne forståinga, vår stadige nyfortolking av situasjonen: «Eg blir til i møte med deg», som vi sa det i KK1.

Vi kan tilhøyre fleire og ulike sosiale fellesskap på éin gong. Dersom det dynamiske kulturomgrepet blir lagt til grunn, betyr det her:

  • At kultur blir skapt mellom menneske i samhandling
  • At kultur ikkje gjer alle like
  • At kjønn, alder, utdanning og sjølve situasjonen kan ha større innverknad enn geografisk kultur
  1. 1«Hvor er hjemme?: Med røtter i flere kulturer». Pollock, David C Van Reken, Ruth E Sæverås, Elin F. Lunde. 2009.

Læringsressursar

Kulturell identitet

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter