Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  4. Kulturell identitetChevronRight
  5. Splitta eller heil personlegdom?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Splitta eller heil personlegdom?

Det blir ofte venta at menneske «har ein identitet». Med det tenkjer ein ofte på nasjonal eller etnisk eller religiøs identitet. I Noreg er dette med identitet vanskeleg for mange minoritetsbarn. Dei veks opp med ulike forventningar på skulen og heime.

Smilende storebror bærer lillesøster. Foto.

Minoritetsbarn og identitet

På skulen blir minoritetsbarna kjende med andre norske barn og lærarar. Dei blir opplærde på ein måte som er vanleg i Noreg. Dei blir førde inn i ein sosialdemokratisk veremåte heilt frå barnehagen der forskjellar blir tona ned, lærarane blir kalla ved fornamn og der kjønnsroller blir bagatelliserte. Barna får tidleg ta eigne val. Målet er å bli fri og sjølvstendig slik at ein kan «stå på eigne bein».

Personlege val betyr mykje. Barna får velje om dei vil gå ut eller vere inne, kven dei vil vere saman med og kva dei vil ha på brødet. I fritida blir det venta at dei skal vere med på fotball, turn eller korps saman med andre jamaldrande. Ungdom skal også kunne gå på fest utan at vaksne alltid «passar på».

Minoritetsbarn som veks opp med ein slik skulegang, kan oppleve ein heilt annan situasjon heime. Det blir det snakka eit anna språk enn norsk, det blir venta at dei skal lyde dei vaksne i eitt og alt. Forholdet mellom kjønna er heilt annleis enn på skolen. Familien blir prioritert. Lojalitet og tryggleik er viktige verdiar.

Døme

Ein pakistansk ungdom som er oppvaksen i Noreg, seier det slik: «Mitt store dilemma er at eg opplever meg meir utanlandsk når eg er saman med nordmenn, og meir norsk når eg er saman med foreldra mine og andre utanlandske venner og kjende. Felles for begge identitetane er opplevinga av å vere annleis. Å la dei ulike identitetsopplevingane leve side om side utan at eg blir forvirra er til tider vanskeleg».[1]

Kven er eg?

Det er mykje å ta omsyn til

  • Når du er mest mogleg norsk, blir du ofte meir godtatt i det norske miljøet
  • Når du er minst mogleg norsk, blir du godtatt i minoritetsmiljøet
  • Foreldre og andre minoritetar
  • Norske vener, skulen

To kulturar

Det blir ofte hevda at slike barn lever i «to kulturar», og mange meiner at slike barn vil ha ein «splitta personlegdom». Men erfaring viser at mange barn som har vakse opp på denne måten vanlegvis har ei stor evne til å svitsje frå den eine til den andre veremåten utan at det treng å skape konfliktar. Dei lærer å takle to ulike kodesett og spelar rollene med like stor dugleik både på heimearenaen og på utearenaen.

Identitet i eit dynamisk perspektiv

I mange tilfelle blir slike situasjonar framstilte som ein identitetskonflikt eller ei identitetskrise, fordi ein går ut frå at minoritetsidentiteten vil kollidere med majoritetsidentiteten. Men ei slik framstilling byggjer på ei identitetsforståing der identiteten blir oppfatta å vere konstant rundt ein kjerne. Det er ikkje slik vi har framstilt identitet ovanfor.

Identiteten, slik vi har framstilt det her, ligg i relasjonar og ikkje i ein fast kjerne. Det er fullt mogleg å vere medlem av ulike gruppeidentitetar. Det er meir eit spørsmål om kva ein spelar ut i den tilfeldige relasjonen ein er inne i. Med den dynamiske kulturforståinga er identiteten også dynamisk og omskifteleg, avhengig av den relasjonen ein opptrer i. Men av og til oppstår situasjonar som er prega av anten-eller, som til dømes når det kjem til inngåing av ekteskap som i filmen omtalt nedanfor.

Døme

I filmen «East is East» har faren George Khan vakse opp i Pakistan. Han er gift med den engelske kona si. Dei har sju barn som har vakse opp i England. Barna vil gjerne leve på same måten som andre engelske venner. Når faren ikkje er til stades, kan dei ete bacon og pølser. Den eine sonen får seg engelsk kjærast og snik seg ut på bar om kvelden. Dei bryr seg ikkje om at faren vil at dei skal leve på pakistansk måte. Konflikten oppstår når faren vil bestemme kven barna skal gifte seg med.

Professor Hylland Eriksen seier dette om minoritetsbarn og ungdommar:

Andre generasjons innvandrarar, eller – meir presist – første generasjons nordmenn, blir eksponerte for tradisjonelle verdiar frå Midtausten og for moderne eller jamvel postmoderne verdiar frå Skandinavia; dei går kanskje på koranskole om kvelden, men ser amerikansk såpeopera på tv; mange av dei er perfekt tospråklege i norsk og for eksempel tyrkisk eller punjabi; dei kan fungere egalitært på skolen og hierarkisk heime; alt dette kan dei få til – riktignok ikkje friksjonsfritt, men likevel - utan å hamne i ein identitetsmessig spagat[…] Så lenge dei kan ha ein trygg personleg identitet, er ikkje den eintydige kulturelle identiteten nødvendig for at dei skal overleve mentalt.[2]

  1. 1«Mellom to kulturer». Ivar Frønes Fangen, Katrine Sharam, Alghasi. Gyldendal akademisk. 2006.
  2. 2«Flerkulturell forståelse». Eriksen, Thomas Hylland. Tano Aschehoug. 1997.

Læringsressursar

Kulturell identitet

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter