Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  4. Kulturell identitetChevronRight
  5. IdentifikasjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Identifikasjon

Globaliseringen og datateknologien gjer at enkelte identitetar blir mindre relevante, som til dømes nasjonalitet og etnisk tilhørsel. Derimot kan andre identitetar som til dømes alder og god kjennskap til teknologien bli meir relevante.

Thomas Hylland Eriksen. Foto.
Thomas Hylland Eriksen

Hylland Eriksen bruker uttrykket identifikasjon når han drøftar prosessane som skjer i kulturelle møte:

Identifikasjon handlar med andre ord ikkje så mykje om kva slags skilnader som faktisk finst, som om kva skilnader som blir sosialt relevante ved at folk handlar som om dei finst.[1]

Om samar og nordmenn

Som døme viser han til den norske antropologen Harald Eidheims undersøking blant kystsamane og norske fiskarar på Finnmarkskysten i sekstiåra. Det var minimale kulturelle skilnader mellom dei, men samar og nordmenn hadde lite uformell sosial kontakt, og dei levde langt på veg segregerte (fråskilde), sjølv om ein utanforståande ville ha vanskar med å sjå skilnad på levesettet deira.

Døme

Når kystsamane var i landhandelen, snakka dei samisk med kvarandre. Straks ein nordmann kom inn i butikken, slo dei over til norsk. Å vere same var assosiert med skam; det var eit sosialt stigma. Derfor spelte dei «norske» når dei var saman med nordmenn.

Identifikasjon handlar om kva skilnader ein gjer relevante i samhandlinga mellom gruppene. Det kan vere kjenneteikn som språk, heimstad, slekt, nasjonalitet, etnisk tilhørsel, familie, alder, utdanning, politisk syn, seksuell orientering, klasse, religion, kjønn og liknande.

Sameflagget. Foto.

Døme

Det har heldigvis skjedd mykje i samekulturen sidan 1960-talet som Eidheim skildra i dømet ovanfor. Sametinget blei oppretta i 1988. Finnmarkslova av 2005 gir samane rettar til jord og vatn. Stolte hevdar samane at dei er ein nasjon, Sápmi, som dekkjer nordlege område i Russland, Finland, Sverige og Noreg. Samane har fått sitt eige flagg, og ber nasjonaldrakt, samekofta med byrgskap. Det bur like mange samar i Oslo som i Finnmark.

Kven er vi? Kven er dei andre?

Identifikasjon skjer både ved at ein etablerer likskapar med somme (identifiserer seg med dei), og ved at ein etablerer skilnader til nokre andre. Vi ser mange av dei same prosessane i det norske såkalla fleirkulturelle samfunnet. Kven seier vi at dei andre er? Kven seier dei andre at vi er? Kontrastar er viktige for all identifikasjon. Nokre kjenneteikn er påtvinga (imperative), andre er situasjonelle.

Døme

Som nordmann kan eg ikkje velje at norsk ikkje skal vere morsmålet mitt, men eg kan gjennom strategiske val forhandle om situasjonsdefinisjonar som gjer at etnisk identitet blir meir eller mindre relevant.

I globaliseringsprosessane gjer utviklinga av ein global datateknologi at enkelte identitetar blir mindre relevante, som til dømes nasjonalitet og etnisk tilhøyrsel. Derimot kan andre identitetar som til dømes alder og god kjennskap til teknologien bli meir relevante.

Gruppefellesskap

Vi deltek i ulike typar av gruppefellesskap. Nokre er flyktige og overflatiske, som når vi er busspassasjerar, mens andre er djupe og forpliktande, som i våre nære relasjonar til våre nærmaste. Lojalitet til familien vil for dei fleste vare livet ut. Dei identitetane vi investerer mest tid og interesser i, vil vere dei viktigaste.

Dersom vi finn meiningsfellar, blir felles identitet viktig. Saman med andre kan vi kjempe for felles interesser gjennom organisasjonar og grupper. Vi vil føle lojalitet til dei som vi deler interesser med og også stengje ute andre som ikkje deler våre interesser. Det gir meining å tale om gruppeidentitet.

Facebook logo. Foto.
Kven er du på Facebook?

Døme

Ved å delta på Facebook, Twitter og andre moderne sosiale medium på Internett kan vi også vere med i gruppefellesskap. Vi kan delta i diskusjonsgrupper og dele bilete og musikkfiler. Slik er vi også med i ein identifikasjonsprosess.

Denne måten å tenkje identitet på opnar for fleire moglege val. Kven vi er avheng av kva vi vel og kven vi vil vere saman med, kven vi identifiserer oss med, anten det gjeld ungdomsmotar, religiøse grupper, politiske parti eller grupper på Internett. Ein annan diskusjon er om våre val er frie eller påtvinga av oppvekst og miljø.

Er vi alle like innarst inne?

Det ikkje sant som det av og til blir sagt: «vi menneske er alle like innarst inne». Det er meir sannsynleg å gå ut frå at «vi er alle ulike». Som menneske har vi likevel alle noko felles «innarst inne» fordi vi har evna til å tenkje og føle og setje oss inn i andre si verd, empati. Men dette «innarst inne» er ikkje likeeins. Det er tileigna av forskjellige personar med ulike rammevilkår. I kommunikasjon med andre er det meir eit spørsmål om kva vi vel å leggje vekt på i bestemte situasjonar.

Interessefellesskap

Enkelte menneske har vi meir felles med enn andre, derfor inngår vi stadig i grupper med ulike interessefellesskap. Dei som deltek i gruppefellesskapet kan dele interesser på nokre felt, mens dei avvik frå kvarandre på andre. Men at det er mogleg med fellesskap, gjer det også mogleg å byggje bruer i ei verd der konfliktane er mange.

Dynamisk kulturforståing

Vi ser at det som her er sagt om identitet føyer seg inn i den tradisjonen vi presenterte i KK1 om den dynamiske forståinga av kulturomgrepet. «Med ei dynamisk kulturforståing er kultur ikkje noko eit menneske har, men noko ein person gjer gjeldande i det sosiale spelet i forhold til andre menneske.»[2]

Kulturar er ikkje «båsar» vi kan putte menneske inn i, men det vi gjer gjeldande i eit møte med andre menneske. Vi forhandlar kultur når vi kommuniserer med andre, slik skaper vi og nyskaper vi «kultur». Derfor er kommunikasjon så sentralt i alle menneskelege forhold.

Tenk over

  • Kva val er frie, og kva er påtvinga av oppvekst og miljø?
  • Er det slik de vil ha det, eller ønskjer de å ta andre val?
  • Er du den du vil vere, eller ønskjer du å forandre identiteten din? Kva må du i så fall endre på?
  1. 1«Globalisation: Studies in Anthropology». Eriksen, Thomas H. Pluto Press. 2003.
  2. 2«Interkulturel dynamik i kulturmødet: en fænomenologisk, individorienteret analyse og forståelse». Svane, Marita. Aalborg Universitet. 2004.

Læringsressursar

Kulturell identitet