Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  4. Kulturell identitetChevronRight
  5. Andre identitetsmarkørarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Andre identitetsmarkørar

Det er mange andre former for tilhøyrsel som kan medverke til identitetskjensle. Vi kan høyre til ei rekkje forskjellige gruppefellesskap, og slik vere berar av multiple identitetar. Her skal vi sjå på fleire identitetsmarkørar.

Britiske gruvearbeidere. Foto.

Djupe samfunnsmotsetnader har i mange land skapt ein klasseidentitet. Motsetnader mellom jordeigarar og jordlause fattigbønder, mellom borgarskap og arbeidarar, skaper medvit om eigen klasse og stand. Noreg er i mindre grad enn til dømes England eit klassesamfunn, men forskjellen mellom rik og fattig ser ut til å auke.

Gruppeidentitet og multiple identitetar

Både etnisk bakgrunn, nasjonalitet, politikk, utdanning, yrke og livsstil kan vere viktige for identiteten, kvar ein kjenner at ein høyrer heime. Slike identitetsmarkørar heng saman med gruppeidentitet.

Som menneske deltek vi i ei rekkje forskjellige gruppefellesskap. Vi har tilhøyrsel, ikkje berre i eit fellesskap, men i mange på éin gong, der vi står i relasjonar til andre menneske. Vi deltek faktisk i ganske komplekse, overlappande og omskiftelege fellesskap. Dei ulike gruppefellesskapa gjer krav på oss på forskjellige måtar, og av og til kan vi oppleve motstridande krav.

Stuart Hall om identitet

Kulturteoretikaren og sosiologen Stuart Hall hevdar at ein person som lever i eit komplekst samfunn, som til dømes vår globaliserte verd, kan vere berar av multiple identitetar, jamvel motsetningsfylte identitetar.

Identitet blir eit mobilt gjestebod som blir forma og forandra kontinuerleg i forhold til måtane vi er representerte eller tiltalte på i det kulturelle systemet som omgir oss… Inni oss er det motseiingsfylte identitetar som trekkjer oss i forskjellige retningar, og som stadig gjer sitt til å forskyve identifikasjonane våre.[1]

Ifølgje Hall er årsaka til at vi opplever oss sjølve som integrerte personar, trass i motseiingsfylte identitetar, dette at vi stadig ber med oss våre eigne forteljingar, narrativar, som vi konstruerer om oss sjølve.

Dermed skaper vi stadig nye forteljingar om oss sjølve der ting heng saman. Multiple identitetar eller motsetningsfylte identitetar er nyttige omgrep når det gjeld å forstå interkulturell kommunikasjon. Omgrepa gir oss nemleg ei forklaring på kvifor særskilte tema aktualiserer forskjellige identitetar i oss sjølve alt etter kven vi snakkar med, kva vi snakkar om og kva som er konteksten for kommunikasjonen.

  1. 1«Modernity and its Futures». McGrew, Tony Hall, Stuart Held, David. Polity. 1992.

Læringsressursar

Kulturell identitet

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter