Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  4. Kulturell identitetChevronRight
  5. Dynamisk kulturell identitetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Dynamisk kulturell identitet

Ein del av identiteten din er knytt til kulturen du veks opp i og blir påverka av. Du deltek i fleire fellesskap, og er i stadig forhandlingar om verdiar og kven du vil vere. Dette er ei dynamisk tilnærming til å forklare kulturell identitet.

Smilende multietnisk ungdom. Begge kjønn. Foto.

Den beskrivende kulturforståinga vil knytte kulturell idenitet til noko vi har felles, som ei folkesjel. Dersom vi tek utgangspunkt i det dynamiske kulturomgrepet, blir forståinga av kulturell identitet noko annleis:

Kulturell identitet blir skapt mellom menneske i bestemte situasjonar. Vi opptrer på ulike sosiale arenaer i møte med andre, og dessutan mobiliserer vi ulike delar av vår identitet i slike møte mellom menneske. Vi kan faktisk ha fleire identitetar som delvis overlappar kvarandre, og som blir skapte i møtet mellom menneske.[1]

Identitet har mange dimensjonar

For å illustrere dette, kan vi prøve oss med modellen nedanfor. Den tek sikte å vise at det er mange dimensjonar i det vi kallar identiteten vår. Vi deltek i mange felleskap på éin gong, vi etablerer relasjonar til andre menneske der vi spelar ut vår eigenart og måler oss sjølve i forhold til andre menneske. Identitet blir på same måten som kultur eit resultat av sosial forhandling.

Modell som viser at identiteten til ein person blir påverka av mange forhold. Illustrasjon.
Identiteten vår har mange dimensjonar.

Modellen viser fleire av dimensjonane knytt til identiteten vår: Kven er eg? I forhold til meg? I forhold til andre menneske? I kva grad speler forhold som familie, utdanning, etnisk tilhøyrsle, språk, religion, nasjonalitet, alder, politisk syn, kjønn og vener inn? Modell tilpassa etter Hylland Eriksen.[2]

Tenk over: Kven er du? Bruk modellen over til å fylle ut det som er med på å forme identiteten din.

Møte mellom menneske

Dei ulike dimensjonane eller relasjonane kan overlappe kvarandre og slik medverke på ulike måtar til vår dynamiske identitet. Identitet er etter denne synsmåten eit relasjonelt omgrep:

Identitet er knytt til lokale relasjonar mellom bestemte personar. Identitet kan forståast som ei forteljing skapt i møtet mellom ein forteljar og ein tilhøyrar, der forteljaren (du) prøver å skape samanheng mellom ulike forteljingar om seg sjølv (deg sjølv).

Kulturell identitet blir skapt gjennom erfaringar frå barndom, kontakt med foreldre, likesinna, andre og utdanning. Denne skapinga sluttar aldri, sidan menneske i eit samfunn stadig tek imot og adopterer nye impulsar gjennom kommunikasjon med andre. Kulturell identitet er derfor ei form for sosial identitet som er konstruert i relasjonar til andre menneske i ein gitt tidsperiode.[3]

  1. 1«Modernity and its Futures». McGrew, Tony Hall, Stuart Held, David. Polity. 1992.
  2. 2«Flerkulturell forståelse». Eriksen, Thomas Hylland. Tano Aschehoug. 1997.
  3. 3«The practice of intercultural communication». Jensen, Iben. 2003.

Læringsressursar

Kulturell identitet

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter