Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  4. Kulturell identitetChevronRight
  5. Beskrivande kulturell identitetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Beskrivande kulturell identitet

Ei beskrivande kulturforståing vil seie at kultur kan avgrensast til eit folk eller ei gruppe som har enkelte fellestrekk. Dette byggjer på fortida og endrast langsamt, slik at essensielle verdiar blir felles. Kan vi snakke om ei folkesjel? Det skal vi sjå på her.

Ostehøvel på en brunost. Foto.
Seier ostehøvelen og brunosten noko om den norske folkesjela?

I dette emnet fokuserer vi på kulturell identitet. Men hittil har vi stort sett snakka om identitet som noko som karakteriserer enkeltpersonen, som når du ser deg sjølv i spegelen. Men som du har fått innsikt i er det ingen som er seg sjølv berre i ein spegel. Vi er sosiale menneske som skaper kultur når vi møter kvarandre.

Finst det ei folkesjel?

Enkelte identitetsforskarar byggjer på det beskrivande kulturomgrepet og brukar kulturell identitet som eit uttrykk for ei tenkt folkesjel (ein type felles identitet som alle i kulturen deler).

Den gongen kultureliten i Noreg var oppteken av nasjonsbygginga i siste halvdel av 1800-talet, var ein på jakt etter «den norske folkesjela».

Sjå dette klippet frå humorshowet med Harald Heide-Steen jr. i rolla som forelesar om den norske folkesjela:

Kva blir det ironisert over, og kvifor ler vi?

Om den norske folkesjel

På same måten kan ein i dag høyre at mange karakteriserer særskilde innvandrargrupper ved å setje merkelappar på dei, som til dømes tyrkisk kultur og tyrkisk identitet.

Ut frå ein slik tankegang har tyrkarar så mykje felles (ein essens) at det gir meining å karakterisere dei som ei gruppe. Når dei kjem til Noreg, går ein ut frå at slike innvandrarar vil vere splitta mellom ein tyrkisk og ein norsk identitet. Vi skal diskutere i andre artiklar.

Læringsressursar

Kulturell identitet