Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  4. Kulturell identitetChevronRight
  5. Korleis blir vi den vi er?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Korleis blir vi den vi er?

Korleis kan vi finne "oss sjæl"? Kva formar identiteten vår? Kan vi sjå på identitet som noko stabilt? Vi skal vi sjå nærare på identitetsomgrepet og knytte det til kultur.

Ringar i vatn i eit tjern. Foto.
Kven og kva er i sirklane utanfor kjerna di og er med på å forme identiteten din?

Personleg identitet

Det er vanleg å sjå på ungdomstida som ein periode i livet der ein skal «finne seg sjølv», det vil seie ein personlig kjerne i korleis ein oppfattar seg sjølv. Denne kjernen finn ein fram til ved å samanlikne seg sjølv med andre. Når ein finn denne kjernen, har ein funne sin personlege identitet. Vi går ut frå at den er nokolunde stabil: Eg er den eg er i dag, som eg var i går og vil vere i morgon.

Dette blir av og til framstilt som konsentriske sirklar, der kvar sirkel illustrerer kva som ligg utanpå kjernen, ego, seg sjølv. Utanfor ego finn ein familie, slekt, bustad, region og nasjon, og kanskje kontinent eller menneskeslekta.

Modell med seks sirklar utanfor kvarandre som viser kva som ligg utanpå ego. Illustrasjon.
Identitetssirkelen NN

Vi kan vere einige om at denne modellen verkar lokkande enkel, men han gir ikkje noko godt bilete av identiteten til ein person.

Grunnen er at identiteten neppe er så stabil som ein vil tenkje, identiteten forandrar seg i samspel med andre menneske. Vi aktiviserer ulike delar av vår identitet etter kven vi er saman med. Vi gjennomfører ei rekkje val, og gjennom dei konstruerer vi vår eigen identitet som ofte blir som ei slags livsforteljing, ei forteljing som heile tida forandrar seg. Denne forteljinga er dynamisk.

Sosial identitet

Vår personlege identitet er tett samanvoven med det vi kunne kalle ein sosial identitet. Han er ikkje ein fast og uforanderleg del av oss sjølv, men blir til når vi samanliknar oss sjølv med andre. Sosial identitet er vår forståing av kven vi er og kven andre menneske er, og korleis andre menneske forstår kven vi er. Sosial identitet er altså relasjonell, han veks fram av ein relasjon til andre menneske.

Læringsressursar

Kulturell identitet