Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  4. Kulturell identitetChevronRight
  5. Religiøs identitetChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Religiøs identitet

Det blir ofte hevda at religiøs identitet blir viktig i grensene mellom religionar. Ein irakar som kjem til Noreg, har kanskje ikkje vore særleg religiøst aktiv i heimlandet sitt. Men i møte med det norske samfunnet får den muslimske bakgrunnen til personen merksemd. Som minoritet føler han eller ho det naturleg å søkje fellesskap med andre irakarar. Dei finst i moskeen.

På same måten var religion viktig for dei norske utvandrarane til Amerika. Seglskuta Restauration brakte den første gruppa av norske immigrantar til USA i 1825. Då den store emigrasjonsbølga frå Noreg kom i 1880-åra, dukka det opp kyrkjer og forsamlingslokale overalt i Midtvesten. Sjølv om ikkje alle nordmennene var ivrige kyrkjegjengarar i heimlandet, var det naturleg å søkje til kyrkja for å treffe landsmenn, utveksle nytt frå heimlandet og røynsler dei hadde gjort seg som nybyggarar.

Oppgåve 1

Les teksten over og bruk informasjon i fagstoffet i emnet "Kulturell identitet".

  • Kva er det som formar den religiøse identiteten vår?
  • Beskriv korleis og kvifor religion kan bli ein viktig identitetsmarkør for minoritetar i eit framandt land.
  • Kva har dei to døma i firkanten til felles?
  • Kvifor kan det bli eit problem at ein brukar religion som einaste eller viktigaste identitetsmarkør?
  • På kva måte er ein hijab, ein kross, ein turban og ei davidsstjerne identitetsmarkørar, og kva trusretningar/religionar representerer dei?

Oppgåve 2

Skriv ein kort tekst (gjerne humoristisk) til denne teikninga, der du brukar noko av det Amartya San aktualiserer om fleire identitetar i artikkelen du har lese.

Interkulturell og intrakulturell kommunikasjon. Illustrasjon.

Oppgåve 3

I Yann Martel sin roman Historien om Pi og filmen med same namn (regi: Ang Lee) møter vi den unge, indiske guten Pi. Som dei fleste indarar er han oppseda etter hinduistisk tru. Biologilæraren hans, Mr. Kumar, inspirerer han på fleire vis, ikkje berre til å dyrke den store interessa si for zoologi, men òg for religion. Mr. Kumar er nemleg erklært ateist:

There are no grounds for going beyond a scientific explanation of reality and no sound reason for believing anything but our sense experiences … God does not exist.

—Life of Pi, Chapter 7

Life of Pi-plakat.
Historien om Pi

Men på det opne havet med ein livbåt og med ein bengalsk tiger ombord, søkjer Pi trøyst i alle dei tre store religionane: kristendom, islam og hinduisme.

Sjå klipp frå filmen på YouTube og diskuter religiøs identitet i ljos av desse klippa.

Oppgåve 4

Les artikkelen Innocence of Muslims. På kva måte klargjer denne artikkelen problemstillingar i artiklane om religiøs identitet og kva som skapar han?

Læringsressursar

Kulturell identitet

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter