Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  4. Kulturell identitetChevronRight
  5. IdentitetChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Identitet

I desse oppgåvene skal vi sjå nærare på omgrepa beskrivande og dynamisk identitet og kva dei tyder.

Oppgåve 1

Gjer greie for beskrivande og dynamisk identitet:

  • Kva er det vi legg vekt på når vi brukar omgrepet beskrivande identitet?
  • Kva er det som er viktigast når vi brukar omgrepet dynamisk identitet?
  • Kva er stabilt og kva er omskifteleg når vi snakkar om eigen identitet?
  • Går det an å ha mange identitetar? Grunngi svaret.

Oppgåve 2

Tamil i Norge

Sjå klippet.

  • Korleis kan vi knytte det Anthony Rajendram seier til dynamisk kulturell identitet?
  • Kvifor omtaler Anthony seg som ein ottesam Noregsven?
  • Kvifor hadde han ikke denne otten tidlegare?
  • Kva innverknad meiner han at utryggleiken mange opplever no har hatt?

Oppgåve 3

Identitet

Sjå klippet.

  • Relater det desse norsk-amerikanarane seier til beskrivande og dynamisk identitet.
  • Ut frå dette klippet, kva norsk "essens" vil du seie er att hos norsk-amerikanarane?
  • Kvifor blir norsk-amerikanarane så opprørte når dei høyrer nordmenn kritisere USA, trur du?
  • Eit av intervjuobjekta fortel om sonen som ville dra til Noreg, siden han var så lei av Amerika. Kva skjedde? Kvifor, trur du?

Oppgåve 4

Har du sjølv opplevd at du kjenner deg støytt når nokon i utlandet gjer narr av Noreg og nordmenn? Kva handlar dette om? Knytt til omgrepa vi har gjennomgått.

Oppgåve 5

Brudeferden i Hardanger. Maleri.
Brureferda i Hardanger

Mange nordmenn forlèt landet, fordi dei, som guten vi høyrde om i intervjuet, blir lei av heimlandet sitt og folka der. Dette er ikkje noko nytt fenomen. Tidemand og Gude, som måla "Brudeferden i Hardanger", søkte seg til Tyskland, og Henrik Ibsen oppheldt seg 27 år i utlandet. Mange enda likevel opp med å hylle det nasjonale.

Slik er det nok enno, utvekslingselevar og andre som har hatt opphald i utlandet ei tid, kjenner seg aldri så norske som når dei ikkje er heime.

  • Kvifor er det slik, trur du? Skriv ned forslag til minst tre ulike årsaker.

Læringsressursar

Kulturell identitet