Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  4. Kulturell identitetChevronRight
  5. GruppetilhøyrselChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Gruppetilhøyrsel

Oppgåve 1

Kven er du?

  • Skriv ei liste over kven du snakkar med eller har kontakt med i løpet av ei veke.
  • Kva fortel dette deg om din identitet?
  • Kven er du?
  • Stemmer sjølvbiletet ditt med det andre menneske du omgåast meiner om deg?
  • Kven seier dei at du er?
  • Kva er medfødd og kva kan du velje når det gjeld å verkeleggjere identiteten din?
  • Du har sikkert laga ein profil ein stad på nettet. I kva grad meiner du at denne profilen samsvarar med din verkelege identitet?

Oppgåve 2

Her ser du to filmsnuttar. Begge har hovedfokus på hovudstaden vår og nokre identitetsmarkørar.

  • Kva fortel desse snuttane deg om identitetsmarkørar og gruppeidentitet?
Rik og fattig

Denne snutten er nokre år gamal, og opptaket er gjort medan vi hadde ei raud-grøn regjering.

  • Trur du at noko er endra med ei borgarleg regjering?
  • Har motsetnadene mellom fattig og rik i hovudstaden auka eller minka, trur du?
  • Kor viktig er politikk i denne samanhengen?
Blitz
  • Kva var grunnane til at Blitz blei danna?
  • Korleis tenkjer personane intervjuet sitt tilbake på tida si i Blitz?
  • Korleis har denne tida blitt ein del av identiteten deira som vaksne?
  • Kvifor får vi sjå innslaget med Margaret Thatcher?
  • Veit du om det er liknande undergrunnsmiljø i dag?
  • Kor viktig er gruppetilhøyrsel for ungdom?

Læringsressursar

Kulturell identitet

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter