Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  4. Kulturell identitetChevronRight
  5. Utvikling av identitetChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Utvikling av identitet

Oppgåve 1

Gruppeoppgåve: Lag poster, plakat, brosjyre eller hald ei miniforelesing.

Kvar gruppe tek for seg EITT stadium/trinn i Eriksons utviklingsmodell.

  • Beskriv kva som kjenneteiknar dette trinnet, og kva konfliktar eller utfordringar individet står overfor der (gi døme).
  • Korleis utviklar ein ein positiv identitet på dette trinnet, og korleis utviklar ein ein negativ identitet?
  • Korleis kan ein relatere dette til kommunikasjon?

Oppgåve 2

Løs denne oppgåva som blei gitt til skriftleg eksamen::

"Å presentere seg sjølv på Internett, anten i sosiale medium som Facebook, på datingsider eller på ein eigen blogg, er vanleg særleg blant unge i dag. I slike presentasjonar vel ein sjølv korleis ein vil framstille seg. Skriv ein tekst der du drøftar korleis vi framstiller oss på nett, og korleis kulturane vi er ein del av, påverkar kva vi vel å vise av oss sjølve til andre." (Utdanningsdirektoratet. Eksamen i SPR3017 Kommunikasjon og kultur 3. Hausten 2012)

  • Til eksamen fekk kandidatane ei førebuingsdel med mange lenkjer, men du kan du bruke utviklingsmodellen til Erikson og fagstoffet i emnet som bakgrunn for å skrive teksten.

Oppgåve 3

Det er ein gammal diskusjon om kva arv og miljø betyr. At du er gut eller jente, har blå augo eller brune augo er medfødde eigenskapar som du ikkje kan gjere noko med. Du blir også eldre dag for dag. Dette er biologiske føresetnader. Men det er også kulturelle føresetnader for kvifor du er den du er.

Drøft dette:

  • Kor viktige er dei biologiske føresetnadene i utforminga av identiteten din?
  • Kor mykje av karaktereigenskapane dine er medfødde?
  • Kor mykje av karaktereigenskapane dine er tillærde frå det miljøet du har vakse opp i? Er det mogeleg å endre grunnleggjande karaktertrekk?
  • Ønskjer du å endre dei? Eller vil du resignere ved å seie: slik har eg blitt, eg kan ikkje noko for det?
  • Er identitet bestemt av arv eller miljø?

Læringsressursar

Kulturell identitet