1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  4. Kulturell identitetChevronRight
  5. Utvikling av identitetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Utvikling av identitet

Identitet er ikkje noko stabilt og fast. Vi utviklar oss gjennom heile livet. Vi kan også i stor grad påverke korleis andre oppfattar kven vi er. Ikkje minst gjeld det i sosiale medium.

Arbeidere i oransje kjeledresser på vei opp en rød industritrapp. Foto.
Utvikling blir ofte sammenlikna med trinn i ei trapp. Ny erfaring og innsikt bringer deg vidare i trappa.

Psykologen Erik H. Erikson lagde ein modell som viser korleis identitet blir utvikla gjennom heile menneskelivet, frå fødsel til død. Vi skal sjå på modellen hans og så drøfte korleis dette synet på identitet kan ha relevans for fagområdet vårt. Vi skal òg sjå på kva innverknad media har på danninga av identiteten vår.

Eriksons utviklingsmodell

I videoen forklarer psykolog Helga Myrseth om utviklingsmodellen til Erik H. Erikson. Han var særs oppteken av identitetsomgrepet og fokuserte på den kjenslemessige og sosiale utviklinga som går føre seg gjennom heile livsløpet. Denne utviklinga delte han inn i stadium eller trinn, og han meinte at på kvart trinn står individet overfor ein utviklingskonflikt.

Før du ser videoen, bør du sjå på lærestoffet om identitet og tenkje igjennom kva som formar identiteten vår.

Eriksons utviklingsmodell

Medium og identitetsdanning

Der individet står i sentrum, slik som i dei individualistiske samfunna våre, kan vi i stor grad setje vår eigen identitet i scene, slik vi gjer i sosiale medium. Den franske filosofen Foucault (1926 - 1984) var tidleg ute med å introdusere omgrepet "self writing", å skrive seg sjølv.

Her kan du høyre førsteamanuensis i medium og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, Anders Fagerjord, snakke om medium og identitet:

Medium og identitetsdanning: Anders Fagerjord

Læringsressursar

Kulturell identitet

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter