Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  4. Kulturell identitetChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kulturell identitet

Identitet er eit vanskeleg ord og blir brukt på mange måtar. Sjølve ordet kjem frå latin. Idem betyr «det same». Det refererer til sider ved ein person, gruppe eller kultur som blir rekna for å vere meir eller mindre uforanderleg over tid.

Uklart bilde av en ung gutts speilbilde. Foto.

Kva ser du i spegelen?

Identitet er det ein ser når ein ser seg sjølv i spegelen.[1] Kva ser du? Gut, jente, kviser i ansiktet? Har det med alderen å gjere? Er alder viktig? Ser du ein person som har bestemte foreldre, søsken, naboar eller venner?

Ser du ein person som har bestemte meiningar, som har ein bestemt sosial bakgrunn, ein som tilhøyrer ein bestemt religion, nasjon eller etnisk gruppe? Ser du ein bestemt hudfarge? Eit individ med ein bestemt personlegdom?

Alt dette har med identitet å gjere. Dei gruppene og kategoriane vi tilhøyrer, gjer oss til dei vi er. Alt det du er er kanskje ikkje eingong synleg i spegelen.

To tydingar i daglegtalen

For det første snakkar vi om identitet i tydinga av at det er mogleg å identifisere ein person til dømes ved å sjekke legitimasjon og personnummer. Då har vi ein eintydig identifikasjon.

For det andre brukar vi ordet identitet som eit uttrykk for det som ein person eller ei gruppe oppfattar seg sjølv som, eller det andre oppfattar som konstant ved personen eller gruppa. I denne tydinga har det med tilhøyrsel å gjere. Kven identifiserer eg meg med? Kven er eg? Når vi svarar på desse spørsmåla, fører det oss i retning av psykologien. Det er faget som studerer menneskeleg åtferd, oppførsel og reaksjonar og mentale prosessar, tankar og draumar.

  1. 1«Flerkulturell forståelse». Eriksen, Thomas Hylland. Tano Aschehoug. 1997.

Læringsressursar

Kulturell identitet

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter