Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. Kommunikasjon og kulturChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kommunikasjon og kultur

Kven er du, og kva gjer deg til deg? Du er påvirka av kulturen du veks opp i, men gjennom livet blir du også utsatt for impulsar frå fleire kulturar. I eit slikt mangfaldig landskap er det å kjenne seg selv viktig, ikkje minst i møte med andre menneske.

Kebab-kiosk plassert i landleg vinterlandskap. Foto.
Det norske landskapet er mangfaldig. Fleire kulturar lever saman.

Noreg er eit fleirkulturelt samfunn, der menneske med ulike verdiar, normer og haldningar skal leve saman. Det er også økt samarbeid på tvers av landegrensene, både innanfor industrien, vitskapen, utdanningssystemet og kulturlivet. Det har derfor blitt endå viktigare å kunne kommunisere på tvers av og innanfor kulturar.

Korleis påverkar sosiale faktorar og ulike kulturelle verdier kommunikasjonen mellom menneske? I dette emnet skal du lære om forholdet mellom kultur og kommunikasjon. Ved hjelp av ulike teoriar skal du lære å analysere og drøfte korleis dette er tett knytt saman.

Emner

Kommunikasjon og kultur

  • Det nasjonale og det globale

    Ytringsfridomen er eit emne som viser at vi har ulike kulturelle ståstader og oppfatningar av kva som er krenkande.

  • Kulturell identitet

    Vi sjå på ulike sider ved identitetsomgrepet for å få ein djupare innsikt i grunnlaget for kommunikasjon mellom menneske.