Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonsteoriChevronRight
  4. Språk og samtaleanalyseChevronRight
  5. Symmetri og asymmetriChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Symmetri og asymmetri

Det er ikkje alltid slik at begge partar kan styre samtalen i like stor grad. På skulen er det til dømes ofte læraren som bestemmer emnet og er ordstyrar i ein klassesamtale. Men ein slik samtale kan også vere ein jambyrdige dialog.

Elever og lærer i klasserom. Foto.
Det er læraren som styrer klassesamtalen.

Symmetri

Med symmetri meiner vi at det er balanse mellom dei to samtalepartnarane. Dei har like mykje makt og mynde til å føre samtalen og drive han framover. I ein samtale mellom vener ventar vi at alle skal ha like mykje rett til å kome til orde.

Asymmetri

Med asymmetri er det gjerne den eine som dominerer samtalen. Han har rett til å styre, starte og avslutte samtalen. Ofte er det slik at dette maktforholdet er slik på andre område også. Til dømes kan det vere slik i ein samtale mellom ein sjef og hans tilsette.

Maktforhold i klasserommet

I ein klassesituasjon ventar vi at læraren har makt til å styre samtalen med elevane. Det er læraren som startar timen, og elevane skal i utgangspunktet vere stille inntil læraren opnar for elevane sin tur ved å gi turtakingssignal, til dømes ved å stille spørsmål.

Ein klassesamtale kan lett bli ein monologisk samtale, der læraren dominerer det som skal seiast og ikkje opnar for refleksjon, reaksjon, initiativ eller samhandling frå elevane si side.

Ein dialogisk samtale er det motsette, der begge partar blir aktive i samtalen. I ein klassesituasjon der til dømes elevane sine innspel blir rekna som like mykje verd som læraren sine synspunkt, kan det bli dialog dersom det blir gitt tid til refleksjon, undring og diskusjon.

Læringsressursar

Språk og samtaleanalyse