Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonsteoriChevronRight
  4. Språk og samtaleanalyseChevronRight
  5. Pausar, høflegheit og initiativChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Pausar, høflegheit og initiativ

I ein samtale er det viktig å gi rom til og vise respekt for samtalepartnaren. Det kan vi gjere på fleire måtar, som gjennom høflegheitsfraser, å vise interesse for samtalepartnaren og gi denne rom i samtalen.

Multietnisk ungdom i samtale på togplattform. Foto.

Pausar

I ein samtaleanalyse ser vi på pausar eller mellomrom i samtalen. Det er tida mellom to turar. Det kan vere ein naturleg pause. Den kan vere viktig og meiningsberande. Vi kan ta pausar både for å støtte eller ta avstand frå utsegner. Det kan også markere at vi lyttar og tenkjer, og slik kan det også vere eit signal på høflegheit.

Både finnar og japanarar er kjende for å bruke meir pausar og stille enn vi er vande til i ein vanleg samtale. Her er det altså også kulturelle forskjellar.

Indikatorar på høfleg tale

Vi bruker positive indikatorar når vi byggjer den andre sitt sjølvbilete eller markerer fellesskap og nærleik til mottakaren.

Å gi kompliment er kroneksemplet på ein slik strategi: «Den toppen var skikkeleg lekker! Kvar har du fått tak i han?» Men det er ein fin balanse her. Dersom vi overdriv, kan det opplevast som «smisking».

Vi bruker negative indikatorar på høfleg tale når vi viser respekt for den andres territorium og ikkje legg press på mottakaren. Vi kan til dømes seie: «Du har vel ikkje litt tid til overs?» Dette gir lyttaren alle sjansar til å seie at han eller ho ikkje har tid. Då unngår vi også overlapping. Vi blandar oss ikkje inn i samtalen, før det eksplisitt er vår tur.

Initiativ

Dersom ein samtale skal ha framdrift, må deltakarane ta initiativ til å drive samtalen framover. Partnarane kan til dømes stille spørsmål eller kome med ny informasjon. Den som tek initiativ har ofte makt i samtalen. Initiativ kan også vere ein negativ indikator på høfleg tale, markere forventningar og ansvar overfor samtalepartnaren.

For å få ein samtale i gang er det ofte smart å spørje den andre om saker og ting som den andre har erfart eller er ein del av. Dei fleste liker å snakke om seg sjølv, sine eigne interesser og venene og familiemedlemane sine. Dersom du berre lever i «di eiga verd» og gløymer å vise interesse for andre, blir du fort åleine og isolert. Vis interesse for andre sitt «liv og levnet».

Læringsressursar

Språk og samtaleanalyse