Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonsteoriChevronRight
  4. Språk og samtaleanalyseChevronRight
  5. Turtaking og overlappingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Turtaking og overlapping

Under ein samtale opplever vi av og til at samtalepartnarane «snakkar i munnen på kvarandre». Det er uskrivne reglar og normer som gjeld for kven som skal snakke når. Det blir kalla turtaking. Vi kan også overlappe kvarandre.

Møte i Sikkerhetsrådet i FN. Foto.
Møter i Sikkerhetsrådet i FN krev ein ordstyrar.

Turtaking

I formelle debattar har vi gjerne ein som sørgjer for at alle får sin tur med replikkar som: «no er det din tur til å snakke» eller «no har han ordet». Dersom vi ikkje har nokon ordstyrar, må deltakarane sjølve bli einige om kven som skal ha ordet. Det blir kalla turtaking.

Omgrepet tur i ein samtaleanalyse står for den perioden den eine personen snakkar og det er tydeleg kven som har ordet. Vi brukar turtakingssignal for å gripe ordet og styre samtalen mellom dei som snakkar saman. Dersom den andre tek ordet mens den første har tur, blir det opplevt som eit avbrot. Det blir rekna som uhøfleg og kan skape irritasjon.

Vi bruker ord og teikn

Turtaking er altså ei veksling mellom kven som har ordet, og eksempel på turtakingssignal kan vere at ein vender seg direkte, brukar blikk, mimikk, gestar, stiller eit spørsmål, svarar på eit spørsmål, brukar tonefall og trykk. Når ein person snakkar, må dei andre rekne ut når han eller ho er ferdig med sin tur og komme raskt inn med ein respons. Å forstå når ein har komme til turskiftepunktet, krev innsikt både i grammatikk og pragmatikk.

Døme på turtaking

I samtaleeksemplet vårt som vi har sett på gjennom denne delen om samtaleanalyse er det programleiaren, Dan Børge Akerø, som har rett til å styre turtakinga. Han kjem med klare turtakingssignal når han stiller spørsmål i replikk 5, 7 og 10.

  1. DB: Vi skal se bilde av en russebuss – [Sodomitten].
  2. JO: [Jeg skal] ikke gå inn på det.
  3. DB: Det står også «de anstendige» (latter).
  4. DB: Her er en pansret utbrettsutgave av Koss. (stort smil)
  5. DB: Hvordan var russetida? (blikk-kontakt)
  6. JO: Fantastisk moro. Jeg fikk lov til å feste for første gang i mitt liv, og det var moro. (smil)
  7. DB: Var det ikke noen fest før det? Er det [riktig?](spørrende ansiktsuttrykk)
  8. JO: [Nei.] (rister svakt på hodet)
  9. JO: Ingen torde å si noe.. mhm. Russebilen var veldig spesiell, den bygde vi sjøl.
  10. DB: Var den alltid til å stole på? (stirrende)
  11. JO: !Nei, det var den ikke (latter). Så vi fikk ikke godkjent den for 17. mai-toget. Så vi snek oss inn der. Midt i toget stoppet den. Det var ikke bra.
  12. DB: !Jøss! (kast med hodet)
  13. JO: Men løsningen var en halv flaske vodka i forgasseren. Det gjorde hele greia, så kjørte vi videre…(latter).

Dei blir følgde også av ikkje-verbale turtakingssignal som blikk-kontakt, spørjande ansiktsuttrykk og stirande augo. Sjå videoklippet her.

Overlapping

Nokre gonger snakkar vi i munnen på kvarandre utan å ville det, fordi vi trur at ein replikk er avslutta, og då rettar vi gjerne på oss sjølve ved å seie «beklagar, eg avbraut deg».

Det blir rekna som uhøfleg å avbryte kvarandre sine replikkar, men i politikardebattar ser vi ofte at politikarane avbryt kvarandre og programleiaren må gripe inn og styre kven som har ordet. Når to snakkar samtidig, kallar vi det overlapping.

Overlapping står i samtaleanalyse for samtidig tale ofte i samband med turskifte. Forsking viser at jenter har større tendensar til overlapping enn gutar. Dei «snakkar i munnen» på kvarandre, men klarer likevel å halde fram med ein naturleg samtale.

Døme på overlapping

I dømet vårt over ser vi at det er overlapping i replikk 1 og 2 markert med klammer: [Sodomitten]-[Eg skal…], og i 7 og 8: [Riktig?] - [Nei.]

Læringsressursar

Språk og samtaleanalyse