Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kommunikasjon og kulturChevronRight
  3. KommunikasjonsteoriChevronRight
  4. Språk og samtaleanalyseChevronRight
  5. SpråkhandlingssekvensarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Språkhandlingssekvensar

I ein samtale vil vi heile tida tilpasse ytringane våre til kvarandre, og til nokre typar språkhandlingar er det knytt bestemte forventningar til oppfølging. Nokre språkhandlingar høyrer saman. Det skal vi sjå på her.

Kronprinsparet i samtale med ungdomar. Foto.
Formell eller uformell samtale? Kronprinsesse Mette-Marit og kronprins Haakon i samtale med to jenter i forbindelse med kampanjen Kicking AIDS Out under den internasjonale aids-konferansen i Toronto i 2006.

Dersom nokon gratulerer deg med dagen, seier du takk. Vi kan seie at desse språkhandlingane inngår i sekvensar, dei høyrer saman i par, slik som:

  • spørsmål – svar
  • helsing – helsing
  • be om – samtykkje/avvise
  • tilbod – akseptering/avslag
  • gratulasjon – takk
[1]

Ytringer skaper forventningar

Dersom ei språkhandling av den første typen blir ytra, blir det skapt det forventningar om at partnaren skal følgje opp med ei språkhandling av den andre typen. Dersom vi helsar og ikkje får noka helsing i retur, vil vi undre oss over at den andre ikkje helsa. Var ho ikkje merksam på meg? Kjende ho meg ikkje igjen? Var ho fornærma for noko? Eg kan ikkje hugse at ho har nokon grunn til det.

I intervju med politikarar er det ganske vanleg at dei ikkje svarar på det dei blei spurde om, men begynner å snakke om noko anna. Var spørsmålet for nærgåande? Prøver dei å «ro seg unna» vanskelege ting?

Døme på sekvensar

Sjå på dette samtaledømet frå Klassefesten Johan Olav Koss (JO) og Dan Børge Akerø (BO) snakkar om russebilen til Koss:

  1. DB: Vi skal se bilde av en russebuss – [Sodomitten].
  2. JO: [Jeg skal] ikke gå inn på det.
  3. DB: Det står også «de anstendige» (latter).
  4. DB: Her er en pansret utbrettsutgave av Koss. (stort smil)
  5. DB: Hvordan var russetida? (blikk-kontakt)
  6. JO: Fantastisk moro. Jeg fikk lov til å feste for første gang i mitt liv, og det var moro. (smil)
  7. DB: Var det ikke noen fest før det? Er det [riktig?](spørrende ansiktsuttrykk)
  8. JO: [Nei.] (rister svakt på hodet)
  9. JO: Ingen torde å si noe.. mhm. Russebilen var veldig spesiell, den bygde vi sjøl.
  10. DB: Var den alltid til å stole på? (stirrende)
  11. JO: !Nei, det var den ikke (latter). Så vi fikk ikke godkjent den for 17. mai-toget. Så vi snek oss inn der. Midt i toget stoppet den. Det var ikke bra.
  12. DB: !Jøss! (kast med hodet)
  13. JO: Men løsningen var en halv flaske vodka i forgasseren. Det gjorde hele greia, så kjørte vi videre…(latter).

I samtaledømet vårt ovanfor er linje 1 til 4 ei innleiing til ein dialog om russetida og russebilen. Linje 5-6 er spørsmål og svar, like eins linje 7-8. Men i linje 9 blir spørsmål-og-svar-sekvensen broten, idet JO leier inn på eit nytt tema: russebilen som blir følgd opp av spørsmål og svar i linje 10 og 11.

Døme på språkhandlingar

Vi delte språkhandlingane inn i fem klassar etter kva som er det kommunikative poenget deira:

  • konstativ
  • direktiv
  • kommissiv
  • ekspressiv
  • klassifiseringar

I samtaleanalysen kan ein gjerne trekkje inn desse synspunkta og sjå om replikkane kan klassifiserast i nokre av desse klassane.

Konstativ

I dømet vårt kan vi sjå at første setning er ei utsegnssetning som kan klassifiserast som eit konstativ: «Vi skal sjå bilete av ein russebuss – Sodomitten.»

Direktiv

Replikk 5: «Korleis var russetida?» og 7: «Var det ingen fest før det? Er det riktig?» er spørjesetningar som kan klassifiserast som direktiv.

Kommissiv

Replikk 2: «Eg skal ikkje gå inn på det.» er eit kommissiv, JO legg premissar for framtidig handling (som elles ikkje blei følgd opp).

Ekspressiv

Replikk 12: «!Jøss!» er tydeleg eit ekspressiv, kanskje også 11: «!Nei, det var den ikkje (latter)..» sidan den blir uttrykt med emfatisk trykk og latter om kan skyldast ein kjensletilstand.

Vi finn ikkje klassifiseringar i denne samtalesekvensen.

  1. 1«Språklig samhandling: innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse». Jan Svennevig. Cappelen akademisk forl. 2009.

Læringsressursar

Språk og samtaleanalyse